Hopp til innhald

Fagstoff

Frå bodstikke til nettavis

I 1814 blei ytringsfridom nedfelt i grunnlova. Ytringsfridomen var ein viktig føresetnad for framveksten av journalistikken. På slutten av 1800-talet blei avisene talerøyr for ulike politiske parti. Først på 1970-talet blei avisene politisk uavhengige. Nettavisene blei til på 1990-talet.

Journalistikken blir ein profesjon

Norske seddeler. Bilde

Det var boktrykkeria, eller adressekontora, som gav ut dei første avisene i Noreg. Oppgåva til adressekontora var å spreie informasjon ved hjelp av bodstikker og annonsar. Norske Intelligentz-Seddeler kom ut første gongen i 1763 og blir rekna som den første avisa i Noreg. Av dei avisene som framleis finst i dag, er Adresseavisen (1767) i Trondheim den eldste. Morgenbladet (1819) var den første norske dagsavisa.

Fram til sensuren blei oppheva hadde avisene kongeleg monopol, utferda av kongen i København. I den norske grunnlova av 1814 er ytringsfridom nedfelt som ein grunnleggjande rett for alle borgarar. Ytringsfridomen var ein viktig føresetnad for framveksten av journalistikken. Frå midten av 1800-talet var redaktørar og journalistar etablerte som eigne yrkesgrupper i Noreg.

Ekspansjonsfasen

Frå midten av 1800-talet hadde avisene funne ei form som nyheitsmedium. Aftenposten blei etablert i 1860 av boktrykkar Christian Schibsted, og Dagbladet kom første gong ut i 1869. Den første samiske avisa, Muitalægje, blei utgjeven i 1873.

Avisene gav folk flest innsikt i norsk innanrikspolitikk og i det som hende i hovudstaden. Som hovudstadskorrespondent for regionavisa Drammens Tidende hadde diktaren og journalisten Aasmund Olavsson Vinje ein viktig posisjon:

Intet Provindsblad, der vil gjælde for velopdragent og ”tidsvarende”, tør længere mangle sin Kristiania Korrespondentartikel. Den er ligesaa nødvendig for Bladet, som en Dram paa Morgenkvisten for Sjoueren.
(Krydseren 19.3.1851)

Avisene var også ein viktig arena for den gryande politiske debatten. At parlamentarismen blei innførd i 1884, medverka til at dei politiske partia Høgre, Venstre og Arbeidarpartiet blei stifta. Fleire aviser etablerte seg som talerøyr for desse partia, både nasjonalt og lokalt. I 1850 fanst det om lag 40 aviser i landet. I 1918 var talet auka til 250. Mange av desse avisene var knytte til arbeidarrørsla.

Krigen og etterkrigstida

Den tyske okkupasjonen av Noreg frå 1940 til 1945 førte til store endringar i det norske avislandskapet. Quisling-regjeringa sette i verk ei såkalla ”nyordning” der dei fleste arbeidaravisene blei stansa, mens det i andre aviser med tvang blei innsett ein redaktør som støtta Nasjonal Samling. Det gjaldt blant andre aviser som Aftenposten, Varden, Bergens Tidende og Sunnmørsposten.

I tillegg til dei avisene som var kontrollerte av nazi-styresmaktene, gav motstandsrørsla ut illegale aviser, i hovudsak basert på informasjon frå dei norske radiosendingane frå London.

Etter krigen blei det gitt ei viss erstatning til dei avisene som blei forbodne. Men dei klarte aldri å tileigne seg same posisjon i marknaden som dei avisene som kom ut som vanleg i krigsåra. Resultatet blei at dei avisene som hadde vore i drift under krigen, fekk ein større del av marknaden. Frå 1950 til 1975 blei 55 norske aviser lagde ned. Som ei direkte følgje av dette vedtok Stortinget i 1969 støtteordningar for nr.-2-aviser.

Då fjernsynet kom på 60-talet, prøvde ein del aviser å ta opp konkurransen med det nye mediet, også som underhaldningsmedium. Aviser som VG og Dagbladet skreiv om dei kjendisane folk blei kjente med i TV-ruta. For å gjere avisa meir lesarvennleg blei avisene trykte i tabloidformat. På 1970-talet blei banda til dei politiske partia gradvis fjerna, og avisene verka som uavhengige meiningsberarar.

Farvel til Gutenberg

Kvinne som skriver på gammel datamaskin. Foto.

Andre halvdelen av det 20. hundreåret var prega av teknologiske nyvinningar som førte til grunnleggjande endringar i avisproduksjon og avisdistribusjon. Frå Gutenberg si tid hadde ein laga trykksaker ved hjelp av blysats, bokstavar av bly som ein for ein blei sette saman til ord og setningar.

På 1960-talet gjekk avisene over til fotosats. Ny teknologi på 1970-talet gjorde etter kvart typografane overflødige, sidan journalistane no kunne skrive inn tekstane sine sjølve. I dag blir alle avissider redigerte ved hjelp av dataprogram.

Den neste store teknologiske omveltinga kom med Internett på 1990-talet. Nettavisene var langt raskare til å formidle nyheiter enn papiravisa, ja til og med raskare enn konkurrentane i radio og fjernsyn. Papiravisene i Noreg er i dag inne i ein fase der dei prøver å finne ut kva for form og funksjon dei skal ha i framtida. Mediebiletet i dag er prega av mediekonvergens der media smeltar saman, noko som fører til nye eigarkonstellasjonar og nye driftsformer.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 03.12.2018

Læringsressursar

Mediehistoriske hendingar