Hopp til innhald

Fagstoff

Frå camera obscura til 360

Ordet fotografi stammar frå dei greske orda fos som betyr “lys”, og gráfein som betyr "skrive, teikne, risse". Ordet kan dermed omsetjast med "lysteikning".

Å teikne med lys

Sjølve prinsippet bak fotografering har vore kjent lenge. Alt på 300-talet f.Kr. beskreiv Aristoteles korleis det å sleppe inn dagslys gjennom eit lite hol i ein vegg gir eit opp-ned-bilete av omgivnadene på motsett vegg.

Mann som står inne i eit rom og målar. Lyset slepp inn i rommet gjennom eit hol i veggen. Illustrasjon.

1490 – camera obscura

Leonardo da Vinci beskreiv kva fordelar dette prinsippet kunne gi for målarar. Lysstrålane blei no leidde over på store ark, slik at målaren raskt kunne teikne av omrisset av motivet.

Innretninga fekk etter kvart namnet camera obscura, som er latin for "mørkt rom". Camera obscura blei meir og meir utbreidd, og mange av dei store renessansemålarane brukte truleg denne reiskapen.

Ein mann sit og teiknar ved hjelp av eit teiknekamera. Teiknekameraet ser ut som eit skrivebord med forlenga bordplate. Illustrasjon.

1676 – teiknekameraet

Camera obscura var lite praktisk på grunn av storleiken. Derfor utvikla Johann Sturm eit teiknekamera i 1676. Dette teiknekameraet var i praksis ein boks med linse og skråstilt spegel. På denne måten blei apparatet meir lyssterkt, og det blei transportabelt. Det spegelreflekskameraet vi kjenner i dag, bruker spegel på same måten for å gi eit rett søkjarbilete.

Seks dropar sølvnitrat plasserte etter kvarandre på eit stykke papir. Foto.

1727 – oppdaginga av sølvnitrat

Dette året oppdaga tilfeldigvis den tyske legen Johann Schulze at ei sølvnitratblanding på flaske reagerte på lys. Ingen klarte å utnytte denne kunnskapen akkurat då. Men nett denne oppdaginga var nøkkelen til at ein på eit seinare tidspunkt kunne få filmen i fotoapparatet til å reagere på lys.

Svart-kvitt-portrett av Thomas Wedgwood. Ansiktet er teikna i profil. Portrettet viser ein mellomaldrande mann med lang panne og nase og litt tynt hår. Han ser alvorleg ut. Rundt halsen ber han eit kvitt tørkle, og han har på seg ei mørk jakke. Illustrasjon.

1799 – fiksering av bilete

I 1799 klarte Thomas Wedgwood å feste eit bilete til lêr eller papir som var fukta i sølvnitrat. Problemet var berre at biletet byrja å forsvinne gradvis rett etter at han hadde laga det. Grunnen var at biletet ikkje var fiksert. Sølvnitratet heldt fram med å ta til seg lys heilt til biletet blei kvitt og utbrent. Alle som har vore i eit mørkerom, veit at ein ikkje kan tenne lampene før filmen eller biletet har vore innom fiksering. Fiksering er den kjemiske prosessen som gjer at filmen ikkje lenger reagerer på lys.

Svært uskarpt svart-kvitt-fotografi som viser nokre hustak. Landskapet bakanfor er flatt. Det er vanskeleg å seie om skuggane i bakgrunnen er tre eller bygg. Himmelen er høg og lys, biletet er tydelegvis teke på dagtid.

1827 – det første fotografiet

Niépce oppdaga at asfaltbelegget på litografia blei vanskelegare å fjerne etter at det hadde vore utsett for dagslys. Dermed sette han ei tinnplate overtrekt med ein tynn "asfaltfilm" i teiknekameraet. I åtte timar eksponerte han utsikta frå arbeidsrommet sitt. Deretter framkalla han biletet ved å vaske bort ubelyst asfalt med ei terpentinblanding. Biletet finst framleis og er i dag ein del av samlingane til Universitetet i Texas i Austin.

Svart-kvitt-fotografi som viser ein mann på mellom førti og femti år. Han har relativt kort hår som fell i lokkar, og ein kraftig mustasje. Han sit på ein stol med ryggstø som han har lagt overarmen på, og han støttar hovudet med handa. Han har på seg kvit skjorte, blank silkevest og dressjakke.

1839 – det moderne gjennombrotet

Louis Daguerre prøvde å bruke forsølva koparplater som fotografiske plater, og etter mykje prøving og feiling lykkast han i 1839. Dette markerte starten på det moderne fotografiske eventyret. Moten med portrettfotografering spreidde seg raskt. 15 minutt framfor kameraet, så var det gjort – til portettmålarane si store fortviling.

Morofakta: Legg merke til at hovudet blir støtta av handa. Det er vanskeleg å sitje heilt stille i 15 minutt!

Svart-kvitt-fotografi som viser eit kvitt ark mot svart bakgrunn. Midt på arket er det ti mørke avlange firkantar, plasserte i to rader på fem.

1841 – kalotypi og bruk av sølvplater

Engelskmannen William Henry Fox Talbot tok patent på ein prosess han kalla kalotypi. Kalotypi nyttar skrivepapir belagt med mellom anna sølvsambindingar som film. Resultatet er eit negativ (film). For å få eit positivt bilete må ein så belyse negativet mot eit nytt sølvbelagt papir. Papirfilmen gjorde det vanskeleg å få gode kopiar, og bileta blei grovkorna på grunn av papirstrukturen. Kalotypi blei aldri nokon bestseljar, det var framleis koparplatene til Daguerre som blei føretrekte.

Svart-kvitt-bilete av ein eldre mann som heller væske på ei glasplate. Framfor han står det fleire mindre og større glasbehaldarar, nokre er tomme, andre er fulle. Mannen har halvlangt, litt uryddig kvitt hår og han har briller med tynn innfatning på nasen. Han har på seg kvit skjorte, grå bukse og vest og  stripete slips.

1851 – den våte filmplata

Ønsket om å kunne lage fleire kopiar av eit bilete blei stadig sterkare. I 1851 klarte engelskmannen Frederick Scott Archer å feste sølvsalt til ei glasplate. Bindemiddelet han brukte, var kollodium. Eksponeringstida blei no redusert til under eitt sekund, men ulempa var at ein måtte ta biletet medan glasplata framleis var våt. Kollodiumplata gav eit godt negativ som kunne kopierast etterpå.

Nærbilete av ein mann på rundt førti–femti år. Han har raudleg hår og eit rundt ti centimeter langt heilskjegg. Bryna er kraftige, og auga er blåe. Han har på seg kvit skjorte, svart slips, brun vest og gråblå jakke.

1861 – det første fargebiletet

James Clerk Maxwell laga det første fargefotografiet i 1861. Han fekk fotografen Thomas Sutton til å ta tre bilete av eit rutete skjerf, først med eit raudt filter framfor linsa, så med eit grønt og eit blått eit. Dei tre bileta blei framkalla og deretter projiserte på ein skjerm ved hjelp av tre projektorar som var utstyrte med dei same tre filtera. Resultatet blei eit komplett fargebilete.

Nokre år seinare, i 1869, kom franskmannen Louis Ducos du Hauron med ei løysing for subtraktiv fargeblanding. Metoden han brukte var å ta tre fotografi av eksakt same motiv, men med grønt, oransje og fiolett filter framfor objektivet. Dette gav tre ulike negativ på tynne filmar av gelatin med fargane raudt, blått og gult. Til slutt blei desse tre negativa lagde over kvarandre, slik at dei til saman danna eit komplett fargenegativ.

Illustrasjon som viser eit kamera som står på eit stativ. Ved sida av kameraet står ein fotograf og held ei lita glasflaske med magnesiumpulver. På toppen av flaska er det ei opning med ein tut, og der stikk det opp ei sterkt lysande flamme.

1865 – kunstig lys

I 1865 tok fotografane i bruk magnesiumpulver som eit hjelpemiddel når dei trong kunstig lys. Brennande magnesium gir eit sterkt lys og blir mellom anna brukt i fyrverkeri. Magnesiumpulver-blitsen var enkel å frakte med seg, men svært brannfarleg.

Fotografi som viser ei firkanta eske med påskrifta "Eastman's Gelatine Dry Plates". Eska inneheld eit dusin plater, og platene er produserte i New York.

1871 – tørrplater

Briten Richard Leach Maddox vidareutvikla Archers glasplatemetode. Han brukte gelatin for å binde sølvbromid til glasplatene. Med det nye bindemiddelet var ein ikkje lenger nøydd til å bruke våte plater. Dermed kunne ein både masseprodusere og lagre bilete ved hjelp av tørre glasplater.

Fotografi som viser ei kvinne som er kledd i ein pen, gammaldags kjole. Ho har oppsett hår og flott hatt, og ho held ein firkanta, avlang  boks i hendene. Ho ser ned på boksen og smiler. Bakgrunnen er noko ubestemmeleg, men til venstre for kvinna er det plassert nokre planter.

1887 – rullefilmen og kompaktkameraet

Rullefilmen blei oppfunnen av Hannibal W. Goodwin i 1887. Goodwin forstod ikkje betydinga av oppfinninga si, så den som utnytta ho, var George Eastman og hans Kodak Company. Bokkameraet Kodak nr. 1 (1888) var det første amatørkameraet. Dette apparatet blei allemannseige fordi det var like enkelt å bruke som dei kompaktkameraa vi har i dag. Men sidan kameraet mangla søkjar, måtte fotografen berre sikte mot motivet og trykkje på knappen. Slik oppstod forresten uttrykket snapshot.

Faksimile av tittelsida for The Illustrated American ei veke i august i 1893. Øvst står namnet på bladet, skrive med litt uhøgtidleg fantasiskrift med skugge. Hovudbiletet viser hjørneinngangen på eit stort bygg i ein by. Fasaden på bygget er dekorert med søyler. Framfor inngangen står det ein stor skare med dresskledde menn med hattar og til dels paraplyar. Dei er på veg inn i bygget. Det er ei einaste kvinne på biletet, og ho er på veg bort frå inngangen.

1890 – fotografiet inntek massemedia

I 1881 utvikla tyskaren Georg Meisenbach ein metode for rastrering av fotografi. Slik kunne ein overføre fotografi til metallplater som blei brukte i trykkeprosessen. Det første rastrerte fotografiet blei trykt av Carl Angerer i Wien i 1885. Magasinet The Illustrated American var det første massemediet som blei illustrert ved hjelp av fotografi. Dei illustrerte vekeblada blei snart svært populære blant vanlege folk.

Svart-kvitt-fotografi som viser eit velbrukt handkamera av typen Leica. Kameraet er avlangt og nokså smalt, med ein klaff framfor linsa. Kamerakroppen er svart, men linsa og enkelte andre delar er sølvfarga.

1925 – Leica endrar fotojournalistikken

Ernst Leitz lanserte eit 35 mm-kamera med objektiv som var enkle å skifte ut. Leica-kameraet var fleksibelt på grunn av handformatet og fordi det brukte rullefilm i småbilet-format. Det lette utstyret gjorde det mogleg for fotografen å komme endå tettare inn på hendingane. Kameraet var derfor med på å utvikle ein ny stil innan fotoreportasjesjangeren.

Morofakta: Blant fotojournalistar blei Leica kjent som "den naturlege forlenginga av handa".

Fargefotografi som viser eit prosjektil som har bora seg gjennom eit eple og er på veg vidare utover i rommet.

1930 – elektronblitsen

Harold Edgerton fann opp elektronblitsen og stroboskopet. Lyset frå elektronblitsen oppstår når ei kondensatorutlading blir send gjennom eit røyr med kryptongass. Stroboskopet lyser opp objektet glimtvis, i tidsintervall som er nøyaktig innstilte på førehand. For første gong i historia til fotografiet kunne òg dei raskaste rørslene gjerast synlege.

Reklameannonse med tittelen "Bring back the Colour and Glamour". Hovudbiletet er i fargar og viser kvinner og menn i lyse klede som slappar av rundt eit svømmebasseng på eit cruiseskip.

1935 – fargefilmen

Rundt 1935 lykkast Kodak med å utvikle fargefilmen (Kodachrome). Ein kunne no ta augeblinkbilete i fargar. Året etter dukka Agfa opp på marknaden med sin Agfacolor. Begge desse filmtypane blei brukte i lysbilete (positivfilm). Fargenegativet dukka først opp på 1950-talet.

Morofakta: Har du høyrt uttrykket "It's a Kodak moment"? Uttrykket stammar frå ein reklamekampanje for Kodak og blir definert som ein sentimental eller sjarmerande augeblink verdig eit fotografi.

Ein mann smiler hjarteleg mot eit kamera. Han har bar overkropp og ein hatt på hovudet, og han har mista fortennene. I hendene held han eit fotografi som viser tre menn. Det kan sjå ut som om han sjølv er ein av desse mennene.

1963 – polaroidkameraet

I 1963 presenterte Edwin H. Land i Polaroid-konsernet eit "instant"-kamera med fargefilm. Kameraet framkalla sjølv eit fiks ferdig fotografi berre få minutt etter at fotografen hadde teke biletet. Det er framleis mogleg å få kjøpt både Polaroid-kamera og film, og i dag har Polaroid nærast kultstatus blant svært entusiastiske brukarar.

Illustrasjon som viser korleis ei CCD-brikke er sett saman.

1969 – det digitale eventyret

CCD-brikka blei oppfunnen av Willard Boyle og George E. Smith, som arbeidde hos AT&T Bell Labs. For dette arbeidet fekk dei Nobelprisen i fysikk i 2009. CCD er kort for charge-coupled device. CCD-brikka er bygd opp av mange firkanta punkt som sit ved sida av kvarandre og som er følsame for lys. Mengda lys som treffer dei enkelte punkta, blir gjord om til elektriske ladningar, og prosessoren i kameraet gjer deretter om ladningane til digitale verdiar og lagrar dei. CCD-brikkene erstatta snart den analoge filmen, og oppfinninga la grunnlaget for den digitale tidsalderen innan fotografering.

Sony-logoen skriven med store bokstavar, med slagordet "Make. Believe" under. Foto.

1981 – Sony som digital pioner

Sony lanserte det første digitale kameraet (Sony Mavica). I realiteten var dette eit stillvideo-kamera. Ein liten "diskett" i kameraet lagra bileta magnetisk på same måten som video blir lagra på tape. Bileta kunne bli sletta og bli tekne om igjen, og kvar "diskett" inneheldt 50 spor. Metoden blei aldri den store slageren, mellom anna fordi biletkvaliteten ikkje var god nok.

Skjermskot som viser inngangssida til det digitale verktøyet Photoshop 1.0.

1990 – biletmanipulering og JPEG-format

Adobe Photoshop 1.0. kom på marknaden i 1990, blei det mogleg å redigere og manipulere bilete digitalt. Det elektroniske biletformatet JPEG blei opphavleg utvikla av Joint Photographic Experts Group som ein komprimeringsmetode for bilete, men viste seg å fungere godt òg som eit eige biletformat. Formatet blir i dag støtta av alle operativsystem. Sidan biletfilene blir veldig småe, har formatet blitt ein standard for fotografiske bilete på internett.

Nærbilete av det digitale speilreflekskameraet Nikon D1. Foto.

1999 – det digitale spegelreflekskameraet

Nikon D1 var det første digitale spegelreflekskameraet som var fullt ut utvikla av ein tradisjonell kameraprodusent. Bileta hadde ei oppløysing på 2,74 megapikslar. Alle store kameraprodusentane presenterte no nye modellar med stadig der talet på megapikslar og bilete i sekundet, redusert ISO-støy og betre dynamikk blei brukte for å selje siste modell.

Morofakta: Eit analogt bilete tilsvarer cirka 20 megapikslar. Det menneskelege auget har i praksis ein stad mellom 120 og 130 megapikslar.

Utsnitt frå brukarrettleiinga for Adobe DNG converter. Manipulert foto.

2004 – filformatet for framtida

Det siste tiåret har stadig nye og betre digitale filformat komme til. Problemet er då at ein kan risikere at ny programvare ikkje lenger klarer å lese eldre biletfiler. Adobe utvikla derfor DNG-formatet i 2004 (digitalt negativ) og ein DNG-filkonverter. Adobe garanterer no at det ukomprimerte filformatet DNG skal kunne brukast til langtidslagring av digitale bilete.

Kvinner på undergrunnsstasjon. Foto.

2007 – iPhoneography

I 2007 lanserte Apple fenomenet iPhone. Mobiltelefonen hadde eit 2MP-kamera og blei kåra til årets oppfinning av Time Magazine. I løpet av ei veke selde Apple ein million kameratelefonar.

iPhoneography er ei nemning for fotografi som er tekne opp og etterbehandla i mobile einingar som smarttelefonar og nettbrett. Med stadig betre kamera blei iPhoneography raskt populært under mottoet “det beste kameraet er det du har med deg”.

Ei mengd appar er tilgjengelege for fotografering og deling av bilete, mellom dei Snapseed.

Mobiltelefon med ikona til mange sosiale medium-appar på skjermen. Foto.

2011 – Snapchat

Bilet- og videodelingstenesta Snapchat blei utvikla av Evan Spiegel, Bobby Murphy og Reggie Brown medan dei var studentar ved Stanford University. Ideen til tenesta dukka opp som eit resultat av at Reggie Brown hadde publisert eit bilete han angra på i etterkant. Tenesta blei lansert i september 2011.

Snapchat skil seg frå andre biletdelingstenester ved at bilete og videoar i utgangspunktet blir sletta automatisk etter nokre få sekund. I 2019 blei det i gjennomsnitt sendt over 3,5 milliardar "snaps" kvar dag.

Morofakta: Maskoten til selskapet heiter Ghostface Chillah og er oppkalla etter rapperen Ghostface Killah frå Wu-Tang Clan.

Kvit drone med fire propellar og påmontert kamera flyr i lufta. Det er blå himmel og bra ver. Foto.

2014 – dronefotografering

I 2014 blei NRK Luftfoto oppretta, men bruk av dronar til fotografering hadde då allereie vore mogleg i fleire år. NRKs aller første drone blei teken i bruk i 2010. Dronefotografering gir fotografar høve til å ta luftfotografi, noko ein tidlegare trong helikopter for. Droneutstyr blir stadig meir brukarvennleg, meir tilgjengeleg og rimelegare, men det er viktig å vere klar over ansvaret ein har som droneoperatør.

Morofakta: For å verne elektronikken i den første dronen sin brukte NRK ein salatbolle frå Ikea som deksel.

Biletkollasj som viser ein kvit statue på ei brygge, fotografert med ekstrem vidvinkel. Horisonten har blitt sterkt bogeforma. Foto.

2015 – 360-fotografering for alle

Medan ulike former for panoramafotografering kan sporast så langt tilbake som til 1851, var det først i 1958 det blei teke patent på det første kameraet som kunne levere ei full 360 graders visning. Kameraet var eit Panorax Zi-A med 35 mm-film som kunne rotere. Med det digitale skiftet fekk 360-fotografering ein ny vår, og stadig betre og billigare kamera blei tilgjengelege. Ei utfordring med 360-produkt var visninga. Om ein sende eit 360 graders bilete til ein venn, var vedkommande avhengig av programvare for å kunne sjå biletet riktig. Dette var ei utfordring heilt fram til både Facebook og YouTube i 2015 innførte støtte for 360-produkt. Publisering og deling av 360-foto og 360-film blei no både tilgjengeleg og enkelt for alle.


Relatert innhald

Ein gjennomgang av historia til fotografiet frå 1826 til i dag med vekt på teknologihistorie.

Ein fagartikkel om historia til fotografiet i Noreg og ei videoforelesing av professor Peter Larsen.

CC BY-SASkrive av Tom Knudsen. Rettshavar: Christine Holmen
Sist fagleg oppdatert 07.05.2020

Læringsressursar

Mediehistoriske hendingar