Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag ein dokumentar om norsk radiohistorie

Lag ein radiodokumentar der du intervjuar eldre personar i kommunen din om radioen sin gullalder på 1950-talet.

Forarbeid

Start med å setje deg grundig inn i norsk radio- og fjernsynshistorie. Du finn fagartiklar om dette emnet under Mediehistoriske tidslinjer.

Ein gjeng glade ungdommar sit i ein togkupé og lyttar til ein reiseradio av merket Kurer. To av ungdommane røyker sigarettar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lag dokumentaren

Lag ein radiodokumentar på maksimum fem minutt om radioen sin gullalder. Dokumentaren skal bestå av (eit) intervju med éin eller fleire eldre personar som fortel om kva program dei lytta til, og kva radioen betydde for dei, på 1950-talet.

Dette kan vere eit fint høve til å bli kjend med eldre som bur i omsorgsbustader i kommunen din. Dei blir garanterte glade for å få besøk!

  • Tenk nøye igjennom kva personar du vil intervjue. Intervjuobjekta bør vere flinke til å fortelje. Gjer opptak med lydopptakar eller mobil.

  • Les inn introduksjon, blokker og avslutning. Her kan du gjerne reflektere over kva betydning radioen hadde på 1950-talet, samanlikna med i dag.

  • Rediger og set saman kommentarar, musikklipp og intervju ved hjelp av eit lydredigeringsprogram.

Tips

  • Start intervjua med å spele av klipp frå populære 1950-talsprogram, og be intervjuobjekta fortelje om eigne opplevingar knytte til det dei høyrer.
  • Søk på nettet og sjå om du kan finne 1950-talsmusikk eller andre lydeffektar med Creative Commons-lisens som du òg kan bruke.
  • Dersom du ikkje har tilgang til eit lydredigeringsprogram, kan du laste ned gratis programvare frå internett.

Lytt til NRK-klipp frå 1950-talet

Hjallis blir olympisk meister

0:00
-0:00

God aften, mitt navn er Cox

0:00
-0:00

Rolf Kirkvaag i Store studio

0:00
-0:00

Flaum i Nederland

0:00
-0:00

Hallesby taler om helvete

0:00
-0:00

Tidssignal

0:00
-0:00

Relatert innhald

1950-talet blei gullalderen i radioen, med fleire nyheitssendingar og -reportasjar og nye program. I 1954 blir dei første prøvebileta sende på fjernsyn.

CC BY-SASkrive av Jan-Arve Overland og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 24.02.2018

Læringsressursar

Mediehistoriske hendingar