Hopp til innhald

Fagstoff

HMS-datablad

Eit HMS-datablad inneheld informasjon om farlege eigenskapar ved eit kjemikalium og anbefalte førebyggjande tiltak.
Sikkerheitsdatablad for Jif avløpsopnar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Krav og prosedyrar

Alle avdelingar, leverandørar eller firma som bruker kjemiske stoff, er ansvarlege for at datablad blir skaffa til vegar. HMS-datablad skal vere på norsk. Arbeidsleiar skal sikre at arbeidstakaren har forstått og følgjer instruksar gitte i databladet. HMS-databladet skal alltid vere tilgjengeleg på den enkelte arbeidsplassen. Styresmaktene stiller krav til kva eit HMS-datablad skal innehalde av informasjon. Styresmaktene anbefaler at det blir utarbeidd datablad for alle kjemiske stoff og produkt som blir handterte i arbeidslivet.

Eit HMS-datablad skal totalt innehalde 16 obligatoriske punkt:

  1. identifikasjon av kjemikaliet og ansvarleg firma
  2. opplysningar om kjemisk samansetjing
  3. viktige faremoment
  4. førstehjelpstiltak
  5. tiltak ved brannsløkking
  6. tiltak ved utilsikta utslepp
  7. handtering og oppbevaring
  8. eksponeringskontroll og personleg verneutstyr
  9. fysiske og kjemiske eigenskapar
  10. stabilitet og reaktivitet
  11. opplysningar om helsefare
  12. opplysningar om miljøfare
  13. fjerning av kjemikalieavfall
  14. opplysningar om transport
  15. opplysningar om lover og forskrifter
  16. andre opplysningar som er viktige for helsa og tryggleiken til brukaren

Stoffkartotek

Eit stoffkartotek består av ei samling HMS-datablad over dei kjemiske stoffa som finst på arbeidsplassen. I større verksemder bør ein ha eitt stoffkartotek for kvar arbeidsplass som bruker kjemiske stoff.

E-forelesing om datablad

CC BY-SASkrive av Industriskolen.
Sist fagleg oppdatert 03.09.2018

Læringsressursar

HMS for eleven