Hopp til innhald

Fagstoff

Åtferda til reinen

Visste du at tamrein og det samiske omgrepet boazu ikkje har same innhald? Boazu (reinen) er i ein mellomposisjon mellom heilt fritt dyr og husdyr. Han følgjer dei naturlege behova sine gjennom året og oppheld og bevegar seg langs beite- og vandringsruter.

Reinen finn mat og beite sjølv, men det er reingjetaren som passar på at reinen får nok mat og vatn, at han finn ly, og at han kan bevege seg fritt – til dømes for å kunne flykte frå insekt. Det er reineigaren som må sørgje for at reinen er på rett stad til rett tid for å ha det godt.

Gjetaren må tolka åtferda til reinen

Dei som driv med reindrift, må kjenne landskapet, gangen i året, vêret og klimaet og anna liv i omgivnadene. Måten reinen oppfører seg på, gir reindriftsutøvaren viktig informasjon. Reindriftssamane seier at ein reingjetar må tenkje akkurat som ein rein. Han må vite at reinen helst går mot vinden.

Ut frå kviletidene til reinen – som varierer gjennom året og etter beiteforholda – veit gjetaren òg når flokken bevegar seg raskt og mindre raskt. Reineigaren kjenner alle reinane sine, og kjenner godt åtferda til kvart dyr – altså korleis det oppfører seg. Når det tek til å kome barflekker om våren, stikk oksereinen av og det dannar seg to flokkar: ein okseflokk og ein simleflokk. Desse to flokkane har ulikt åtferdsmønster.

Reinflokk på vidde dekka av snø. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

På varme dagar om sommaren trekkjer reinen opp i høgda. Han har tjukk pels og toler dermed ikkje varmen så godt. Oppe i høgda kan han finne avkjøling på snøflekkar samtidig som han finn høgfjellsvegetasjon i utkanten av snøflekkane. Snøflekkar om sommaren heiter på nordsamisk jassa.

Vêrteikn

Reinen kan "melde" vêret med åtferda si:

  • Når reinen begynner å springe og løfta frambeina, er det eit teikn på at det blir snøvêr.
  • Når reinen skrapar geviret mot busker, blir det tøvêr.
  • Om sommaren, dersom simla slikkar kalven sin, er det eit teikn på at det kjem regn.
CC BY-SASkrive av IMGEira.
Sist fagleg oppdatert 14.11.2017

Læringsressursar

Om reinen – boazu