Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet. Dei er pådrivarar i arbeidet med å førebygge ulykker, kriser og andre uønskte hendingar. Dei skal òg sørge for god beredskap og effektiv ulykkes- og krisehandtering.
Fleire personar kledde i beredskapsdrakter er ved sida av brannbilar i ei gate. Dei har teke hjelmane av og sit og står og diskuterer. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Gå inn på artikkelen "Statistikk" på DSB som viser tal over brannar, ulykker og andre uønskte hendingar på samfunnstryggleiksområdet.

  1. Kva for ei uønskt hending har, ut frå tala, høgast sannsyn?

  2. Kva for ei uønskt hending vurderer du til å ha størst konsekvens?

  3. Kva vil du vurdere som høgast risiko?
    sannsyn×konsekvens=risiko

Oppgåve 2

Gruppeoppgåve: jobb to og to

  1. Gå inn på sikkerhverdag.no på DSB.

  2. Plukk eitt av dei åtte temaa nedst på sida og les dykk opp på temaet.

  3. Lag ein presentasjon om temaet de valde og presenter for klassen.

CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 13.02.2023

Læringsressursar

Trusselbilete