Hopp til innhald

Fagstoff

Fire former for risikohandtering

I sikkerheitsarbeid skil vi vanlegvis mellom fire ulike måtar å handtere risiko på. Her skal du få ei kort forklaring med døme:
Skilt med teksten Påbudt med hjelm. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å unngå risiko

Av og til får uønskte hendingar så store konsekvensar at vi ikkje vil risikere at dei oppstår. Det kan til dømes vere at nødvendige sikringstiltak er for kostbare. Om ein liten entreprenør skal drive grave- eller sprengingsarbeid i sentrum av Oslo, kan eit leidningsbrot føre til eit erstatningsansvar på fleire millionar kroner. Kanskje vil det då vere fornuftig å droppe heile jobben.

Å dele risiko

Den vanlegaste forma for risikodeling er gjennom forsikring. Om den same entreprenøren kjøper ei ansvarsforsikring, kan det hende at han vel å gjennomføre jobben. Forsikringsselskapet vil stille krav om at alle rutinar blir følgde, at personalet som gjer jobben, er kvalifisert, og at det er gjort elektroniske grunnpeilingar som skal hindre at det ligg ukjende leidningsnett der gravemaskina skal arbeide. Trass i desse tiltaka er det ein reell risiko for at ei uønskt hending kan oppstå, men det økonomiske ansvaret ligg no hos forsikringsselskapet.

Å redusere risiko

Dette er den vanlegaste situasjonen for norske bedrifter. Vi vil svært ofte måtte leve med risiko, men vi gjer det vi kan for å redusere han. Både på samfunns- og bedriftsnivå vurderer vi ei rekkje sikringstiltak som skal redusere risikoen til eit nivå vi kan godta.

Eit døme på det er trafikksikkerheitsarbeidet. Både bilfabrikantar, vegmyndigheiter, politiet, bedrifter og enkeltpersonar set i verk ulike tiltak for å gjere det så trygt som mogleg å bevege seg i trafikken. Ei rekkje tiltak retta mot mellom anna betre vegar, fysiske skilje mellom mjuke og harde trafikantar, sikrare bilar og meir bevisste bilførarar har ført til ein betydeleg reduksjon i talet på skadde og drepne i trafikken, samtidig som talet på trafikantar har auka.

Å akseptere risiko

Det er få døme på at norske bedrifter eller enkeltpersonar aksepterer risiko utan å setje inn tiltak for å redusere han.

Eit døme kan vere enkelte typar ekstremsport der det vil gå ei grense mellom sikringstiltak og den risikoen mange utøvarar faktisk søkjer.

Eit meir alvorleg døme er gjenvinning av gamle skip. I land som Indonesia og Filippinane er det store selskap som tek imot utrangerte skip. Skipa køyrer i maksimal fart opp på land, og mannskap med skjerebrennarar og anna utstyr skjer ned og demonterer utstyr frå skipa. Dei tilsette har ofte minimalt med sikringsutstyr, miljøfarlege stoff går rett i grunnen og i havet, og mange blir utsette for ulykker. Når reiarlag frå rike land vel å gjenvinne skipa sine i fattige land utan våre krav til helse, miljø og sikkerheit, kan vi kanskje seie at dei aksepterer risiko framfor å setje inn tiltak.

CC BY-SASkrive av Kyrre Romuld.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Risikovurdering