Hopp til innhald

Fagstoff

Omdømme

Omdømme handlar om korleis andre, og då særleg målgruppa, oppfattar ei bedrift eller ein organisasjon. Ei viktig arbeidsoppgåve for ein kommunikasjonsrådgivar er å hjelpe bedrifter og organisasjonar til å byggje eit godt omdømme.
Steinar J. Olsen med Stormberg-logoen i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei fleste organisasjonar er avhengige av å ha eit godt omdømme. Bedrifta tener på at målgruppa stoler på dei og vel deira varer og tenester framfor varene og tenestene til ein konkurrent. For eit politisk parti er det viktig at veljarane veit kva dei står for. Det dreier seg om å bli oppfatta slik ein ønskjer å bli oppfatta.

Eksempelet Stormberg

Sportstøyprodusenten Stormberg har fleire år på rad blitt kåra til den norske bedrifta som har best omdømme. Ei av årsakene til at bedrifta har godt omdømme, er at Stormberg tilset folk som har vanskeleg for å komme seg inn i arbeidslivet, for eksempel tidlegare kriminelle og personar med psykiske lidingar.

I eit intervju med NRK fortel direktøren kva Stormberg har gjort for å få eit godt omdømme, og dei tilsette fortel om kva dette har å seie for bedrifta.

I NRK-reportasjen blir det lagt vekt på kjerneverdiane til bedrifta, som å bidra til å «gjere verda til ein litt betre stad». Grunnleggjaren får høve til å fortelje korleis bedrifta arbeider mot denne visjonen. Utsegna hans blir bekrefta av to tilsette som uttrykkjer kjenslene sine for bedrifta. Dette er forhold som det er viktig for Stormberg at folk kjenner til. Ein slik reportasje er dermed med på å byggje opp omdømmet til bedrifta.

Omdømmebygging og reklame

Kommunikasjonsrådgivaren jobbar for at bedrifta skal få eit godt omdømme. Tanken er at dersom kundane over tid får tillit til bedrifta, og merkenamnet gir positive assosiasjonar, vil dei velje bedrifta sine produkt. Reklamemedarbeidarane jobbar også for auka sal, men dei konsentrerer seg berre om å marknadsføre konkrete produkt eller spesifikke tenester.

Det tek tid å byggje opp eit godt omdømme, og omdømmet står stadig i fare for å bli øydelagt. Kommunikasjonsrådgivarar jobbar for å vise verda dei positive sidene ved bedrifta. Samstundes freistar dei å minimere skaden dersom bedrifta har vore involvert i ei negativ hending.

Nokre gonger kan konkurrentar eller nyheitsmedium komme med informasjon som svekkjer omdømmet til ei bedrift eller ein organisasjon. Dersom ei bedrift får negativt søkjelys på seg i media, er det viktig for ein kommunikasjonsrådgivar å freiste å gjere skadeverknaden så liten som mogleg. Den vanlegaste strategien for å gjere det, er å innrømme faktiske feil, beklage dei og love at det ikkje skal skje i framtida.

Alle kommunikasjonsrådgivarar er nok einige om at det er ein enklare jobb å byggje opp eit godt omdømme enn å reparere eit dårleg.

CC BY-SASkrive av Ragnhild Risholt Kleppe.
Sist fagleg oppdatert 19.10.2017

Læringsressursar

Servicerolla og omdømme