Hopp til innhald

Fagstoff

Brødskala'n

Ut frå utsjånaden kan det vere vanskeleg å vurdere kor grovt eit brød er. Derfor har vi merkeordninga Brødskala'n.
Biletkollasj som viser Brødskala'n-symbolet på fire forskjellige brødposar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Brødskala'n viser kor mange prosent heile korn, sammale mjøl og kli det er i brødet i forhold til total mjølmengd. På emballasjen finn du eit Brødskala'n-symbol og dessutan grovleiksgrad angitt i prosent (%). Merkeordninga inkluderer ikkje innhald av frø, nøtter eller andre ingrediensar som kan ha innverknad på fiberinnhaldet i brødet. Kor grovt brødet er, kjem altså an på kor mykje sammale mjøl, heile korn og kli det inneheld.

Brødskalan er delt inn i fire kategoriar

Fire symbol som viser grovleiken på brød i merkeordninga Brødskala'n. Illustrasjon.


  • Fint brød: 0−25,9 prosent sammale mjøl eller heile korn
  • Halvgrovt brød: 26−50,9 prosent sammale mjøl eller heile korn
  • Grovt brød: 51−75,9 prosent sammale mjøl eller heile korn
  • Ekstra grovt brød: 76−100 prosent sammale mjøl eller heile korn

Grovt til kvardags

Helsestyresmaktene tilrår at vi et meir grove kornvarer, og at vi vel grove og ekstra grove brød- og kornprodukt til kvardags. Grovt brød inneheld fleire næringsstoff enn fint brød. Dei grove brød- og kornprodukta er ei god og viktig kjelde til kostfiber og til fleire vitamin og mineral. Ekstra grovt brød gir to til tre gonger så mykje kostfiber som fint brød.

Ingredienslista

Ei ingrediensliste frå ein brødpose. Foto.

Finn du ikkje Brødskala'n på eit brød, må du sjekke ingredienslista for å sjå kva brødet inneheld. Dei ingrediensane det er mest av, står først.

Merkeordninga

Brødskala'n er ei merkeordning for mjøl- og bakeribransjen som vart utarbeidd av NHO Mat og Drikke og Baker- og Konditorbransjens Landsforening (BKLF) i samarbeid med Forbrukarrådet, Sosial- og helsedirektoratet og Mattilsynet i 2006. Det er frivillig for mjøl- og bakeribransjen å nytte merkeordninga. Bedrifter som anten er medlemmer av BKLF eller har signert avtale med BKLF, er godkjende for bruk av Brødskala'n.

Hugs!

  • Brødskala'n er ei merkeordning som skal hjelpe forbrukarane til å velje grovt brød.
  • Brød er grovt når 50 prosent av mjølet er sammale, heile korn eller kli.
CC BY-NC-SASkrive av Opplysningskontoret for brød og korn.
Sist fagleg oppdatert 29.10.2021

Læringsressursar

Korn og mjøl som råstoff