Hopp til innhald

Fagstoff

Gå for grovt

I det norske kosthaldet er brød og kornprodukt basismatvarer. Det er vanleg å ete to til tre brød- og kornmåltid dagleg. Brød og korn er sunt, godt, raskt og lettvint.
Ett brød som skjæres opp i skiver. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hugselappen

  • Kostråda frå styresmaktene tilrår at vi går for grove kornprodukt til kvardags.
  • Merkeordningane Brødskalaen og Nøkkelholet skal hjelpe forbrukarane å velje sunt.


Mjølk blir helt over ein bolle kornblanding. Foto.

Helsedirektoratet tilrår at 50−60 prosent av energien kjem frå karbohydrat. Som den viktigaste karbohydratkjelda i kosten er det viktig å ete nok brød og kornprodukt med mykje sammale mjøl og fiber. Brød og korn er òg gode kjelder til B- og E-vitamin og er dessutan blant dei beste kjeldene til jarn og sink, som er nødvendige for kroppen sine funksjonar. Feittinnhaldet i brød og reine kornblandingar er berre 2−4 prosent, og feittet er som regel av typen umetta.

Merkeordningar

Brødskalaen som no blir nytta av fleire og fleire bakarar, gir opp hvor stor del sammale mjøl, heile korn eller kli eit brød inneheld. Han gir god oversikt over eigenskapane til ulike brødprodukt og er til hjelp når du skal velje brød.

Det kan vere vanskeleg for forbrukarar å gjere sunne matval. Merkeordninga Nøkkelholet er det nye nordiske symbolet for sunne alternativ innanfor ei matvaregruppe, basert på innhaldet av feitt, salt, sukker og fiber.

Måltidet – ein verdi å ta vare på

«Måltidet − ein verdi å ta vare på» er tittelen på ein brosjyre frå Opplysningskontora i landbruket og Eksportutvalet for fisk som hjelper deg å velje rett til dagens måltid. Brosjyren gir deg praktiske råd for gode matvanar basert på det som er tilrådd av norske helsestyresmakter. Du kan òg laste ned vedlegg.

CC BY-NC-SASkrive av Opplysningskontoret for brød og korn.
Sist fagleg oppdatert 02.04.2020

Læringsressursar

Korn og mjøl som råstoff