Matsjokket: Tirils brødsjokk - Råvare, produksjon og kvalitet (RM-RMF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Film og filmklipp

Matsjokket: Tirils brødsjokk

I serien Matsjokket har meisterkokken Christer Rødseth sett seg føre å redusere matsvinnet i Noreg. I denne episoden lærer freestylekøyrar Tiril Sjåstad Christiansen korleis ho kan nytte tørt brød til å lage nydeleg mat.

Oppgåver til filmen

  1. Sjå episoden som handlar om brød i NRK-serien Matsjokket. Noter hendingar, utsegner eller fakta du legg merke til i episoden.

  2. Del med klassen kva du la merke til i denne episoden.

  3. Finn oppskrifter og tips anten frå episoden du har sett, eller andre oppskrifter du finn, som handlar om å nytte gammalt brød på ein berekraftig måte.

  4. Gå saman i grupper og lag rettane etter oppskriftene de fann i oppgåve 3. Presenter rettane på ein buffé slik at heile klassen får sjå kva gruppene har laga av gammalt brød.

Skrive av Therese Hansen Federl og Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 07.06.2020