Hopp til innhald

Fagstoff

Fakta om mjøl

Det er tre hovudkategoriar av mjøl: fint, sammale og heilkorn. Desse seier oss noko om kva for del av kornet ein nyttar, og kor fint eller grovt kornet har blitt male.
Eit par brød, korn og mjøl på ein benk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sikta

Mjøl av rug og kveite. Foto.

I sikta mjøl nyttar ein berre kjernen i kornet. Skal og kli blir, som namnet seier, sikta frå. Sikta mjøl er vanlegvis sikta kveitemjøl eller sikta rugmjøl. I sikta kveitemjøl nyttar vi om lag 78 prosent og i finbakstmjøl om lag 65 prosent av kornet (kjernen).

Sikta kveitemjøl er det bakemjølet vi nyttar mest, og det gir lette og luftige bakverk.

Sammale

Ei tresleiv fylt med sammale mjøl. Foto.

At mjølet er sammale, vil seie at ein nyttar heile kornet – både skal, kime og kjerne – og mel det saman til mjøl. Sammale mjøl blir produsert i mange varierande finleiksgrader, til dømes ekstra fint, fint, mellomgrovt og grovt. Sammale mjøl inneheld meir kostfiber, mineral og vitamin (som finst i skalet på kornet) enn sikta mjøl. Alle typar sammale mjøl inneheld like mykje av det heile kornet, men kor grovt mykje knust kornet er, avgjer om det er grovt eller fint.

Sammale mjøl blir nytta til grovare bakst, som grove brødtypar, rundstykke, flatbrød og knekkebrød.

Heilkorn

Ein haug med heilkorn på eit bord. Foto.

I heilkornmjøl nyttar ein heile kornet (sjå sammale mjøl). Her er korna berre delvis knuste. Heilkorn må leggjast i blaut for at ikkje korna skal vere harde i ferdig bakst. Heilkornmjøl inneheld same kostfiber, mineral og vitamin som fint sammale mjøl.

Heilkorn kveite nyttar vi vanlegvis i gjærbakst der vi ønskjer meir heile korn i det ferdige produktet, til dømes heilkornbrød.

CC BY-SASkrive av Opplysningskontoret for brød og korn.
Sist fagleg oppdatert 12.11.2020

Læringsressursar

Korn og mjøl som råstoff