Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lær dykk kostråda!

Kostråda er viktige å lære, men det er òg viktig å følgje dei. Etter å ha jobba med denne oppgåva kjem du til å kunne eit av råda ekstra godt, og følgjer du med når dei andre framfører, lærer du nok fleire.
Mann et ein appelsin på ein fjelltopp. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Informasjon om oppgåva

Denne oppgåva fyller om lag 2–3 skuletimar.

Eleven skal lære seg eit kostråd godt og framføre dette på ein valfri måte til medelevar.

Gjennomføring

Det er totalt 12 kostråd. Fordel desse råda på elevane. Bruk tabellen nedanfor. Elevane kan velje om dei vil jobbe åleine eller saman med ein medelev.

1. time: Lag ein power point-presentasjon eller ei lysbileteframsyning med fine bilete av mat. Set eventuelt opp kva mengder ein bør ete ifølgje kosthaldsråda.

Er du kreativ, klarer du kanskje å lage ein film eller eventuelt bruke rollespel i staden.

2. og 3. time: Presentasjon til medelevar!

Kostråd

Namn

Ha eit variert kosthald med mykje grønsaker, frukt og bær, grove kornprodukt og fisk, og avgrensa mengder tilarbeidd kjøt, raudt kjøt, salt og sukker.

Ha ein g​od balanse mellom kor mykje energi du får i deg gjennom mat og drikke, og kor mykje du forbruker gjennom aktivitet.

Et minst fem porsjonar grønsaker, frukt og bær kvar dag (fem om dagen).

Et grove kornprodukt kvar dag.

Et fisk til middag to til tre gonger i veka. Bruk også gjerne fisk som pålegg.

Vel magert kjøt og magre kjøtprodukt. Avgrens mengda tilarbeid kjøt og raudt kjøt.

La magre meieriprodukt vere ein del av det daglege kosthaldet. Et fisk til middag to til tre gonger i veka.

Vel matoljer, flytande margarin og mjuk margarin, framfor hard margarin og smør.

Vel matvarer med lite salt, og bruk mindre salt i matlaginga og på maten.

Unngå mat og drikke med mykje sukker til kvardags.

Vel vatn som tørstedrikk.

Ver fysisk aktiv i minst 30 minutt kvar dag.

CC BY-SASkrive av Unni Kulhuset Granheim.
Sist fagleg oppdatert 28.02.2018

Læringsressursar

Ernæring, helse og livsstil