Hopp til innhald

Fagstoff

Ugras i kornåker

Skal vi lykkast i kampen mot ugraset, må vi kjenne igjen dei ulike ugrasartane. Her får du ei oversikt over dei vanlegaste ugrasartane i kornåkeren, og korleis vi kan få bukt med dei.

Tiltak for å førebygge ugras i korn

Jordarbeiding

I dei fleste kulturar finn vi dei mest problematiske av dei fleirårige ugrasartane: til dømes artar med underjordiske stengelutløparar og rotutløparar. Det er umogleg å bli kvitt desse ugrasartane gjennom jordarbeiding, for dei spirer frå dei oppkutta stenglane og jordutløparane. Kveke er eit slikt ugras.

Reduserer vi jordarbeidinga i korndyrkinga, kan vi få større problem med artar som ikkje er problematiske i pløgd åker. Køyrer vi på ulagleg jord (jord som er for fuktig), skaper vi gode vilkår for enkelte fleirårige ugras som er avhengige av fuktig jord for å spreie seg, til dømes tunrapp.

Vekstskifte

Vekstskifte er viktig for å bli kvitt ugraset. Dyrkar vi éin bestemt kulturvekst fleire år etter kvarandre, kan det skape gode vekstvilkår for ugras som det er vanskeleg å nedkjempe i den kulturen. Dyrkar vi derimot korn i eit samansett vekstskifte, er det vanskelegare for dei ulike ugrasartane å formeire seg så kraftig som ved einsidig dyrking.

I korndyrking generelt kan vi òg ha fleirårige ugras. Måten vi driftar åkeren på, speler inn her. I tillegg kan dei ugrasartane vi ønsker å bli kvitt, vere resistente mot dei kjemiske plantevernmidla vi bruker. Då må vi bruke andre middel for å få bukt med problemet.

Kvekespirer opp frå røter. Foto.

Gode forhold for kulturplantene

Alt som skaper dei beste vilkåra for kulturplantene og mikrolivet i jorda, aukar konkurranseevna til kulturplantene mot ugraset. Viktig her er rett jordarbeiding, god kalktilstand, god drenering, balansert gjødsling og minst mogleg pakking med tunge maskiner og reiskapar, særleg på fuktig jord. Kvaliteten på såfrøet er òg viktig, det bør innehalde minst mogleg ugrasfrø.

Mekanisk og kjemisk kamp

Vi kan kjempe mot mange av dei sommareittårige og vintereittårige ugrasartane gjennom ugrasharving. Dette må gjerast på rett tidspunkt – både når det gjeld storleiken på ugraset, tilstanden i jorda og vêret – slik at plantene tørkar ut når dei er rivne laus frå jorda. Når vi kjempar mot ugraset mekanisk, kan vi i stor grad redusere bruken av kjemiske middel.

Ugrasharving. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skal vi lykkast i kampen mot ugraset, må vi kjenne att dei ulike ugrasartane, vi må kjenne biologien, utsjånaden og eigenarten deira. Dette er særleg viktig for å kunne vite på kva stadium det er best å bruke mekaniske metodar og for å finne det beste tidspunktet for å sprøyte med kjemiske middel. Denne kunnskapen kan du tileigne deg her på sidene til NDLA, i plantevernkatalogar, på heimesidene til Bioforsk og fleire andre stader.

Sprøyting av åker. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ugrasproblema varierer mellom ulike kulturar

Kva kultur vi dyrkar, har mykje å seie for kva typar ugras vi får problem med.

I vårkorn er det dei sommareittårige ugrasartane som dominerer, men òg vintereittårige og fleirårige artar kan gjere seg gjeldande. Jordarbeidinga set dei i spiremodus, det vil seie at dei får dei rette mengdene lys frå overflata til å spire. Jorda er ein frøbank av ulike ugrasartar som slår til når forholda for spiring og vekst er gode.

I haustkorn er innslaget av sommareittårige ugrasartar mindre, men der har vi desto meir av dei vintereittårige artane og den toårige balderbråen.

Sommareittårige ugrasartar

Kornaks med samling av småaks med snerp. Småaksa er festa til strået med tynne greiner som har ein knekk. Foto.

Floghavre

Avena tatua

Stråa er lange og ofte mjuke og ragar over åkeren. Er eit alvorleg ugras i kornproduksjonen og må lukast ut. Reinsemd med maskiner og utstyr er viktig så vi ikkje får floghavre på garden.

Øvre del av plante der grøne blomstrar sit samla i små ballar. Lange, lansettforma blad sit enkeltvis oppover på stengelen. Foto.

Meldestokk

Chenopodium album

Den utvaksne planta kan bli over 1 meter høg. Trivst best på laus jord med god jordfuktigheit. Liker godt gjødsla, nitrogenrik jord.

Plante med smale, grøne blad festa i same punkt på stengelen. Små blomstrar sit på lange, slanke stenglar. Foto.

Linbendel

Spergula arvensis

Vaksen plante er 20–40 cm høg. Ho er vanlegvis klebrig, kjertelhåra og luktar noko surt. Trivst best ved lågare pH.

Plante med smale, grøne blad festa i same punkt på stengelen. Små blomstrar sit på lange, slanke stenglar. Foto.

Klengemaure

Galium sparine

Klengemauren kan bli over 1 meter høg. Klatrar gjerne oppetter andre vekstar.

Planter med lysegule, leppeforma kronblad med fiolette felt veks i kveiteåker. Foto.

Guldå

Galeopsis speciosa

Guldå kan bli opptil 1 meter høg. Trivst best i kyststrøk. Enkel å nedkjempe mekanisk med ugrasharving.

Plante der blada er ovale og sagtanna. Blada står parvis motsett på stengelen. Blomstrane har rosa og leppeforma kronblad. Foto.

Kvassdå

Galeopsis tetrahit

Kvassdå kan utvaksen bli opptil 80 cm høg. Liknar guldå, og er lett å nedkjempe mekanisk med ugrasharving.

Plante med greinete stengel og gule blomstrar. Foto.

Åkerkål

Brassica rapa ssp. campestris

Åkerkål kan bli opptil 80 cm høg. Kan bli nedkjempa effektivt med ugrasharving.

Gras med blomstrar i fleire avlange, tette aks. Foto.

Hønsehirse

Echinochloa crus-galli

Hønsehirse er ein ny ugrasart som er i ferd med å spreie seg på Austlandet. han blir opptil 1,5 m høg. Varmare klima kan vere ei av årsakene til at denne arten har ny utbreiing.

Vintereittårige ugrasartar

Plante med grøne, hjarteforma blad og små, kvite blomstrar. Foto.

Vassarve

Stellaria media

Vaksen vassarve blir opptil 60 cm høg. Har òg vegetativ formeiring ved at stengelen slår rot, noko som krev gode fuktigheitsforhold. God drenering og ugrasharving på eit tidleg stadium er positivt.

Gras som dannar ei tydeleg tue. Blomstrane sit spreidde i eit aks. Foto

Tunrapp

Poa annua

Formeirar seg hovudsakleg med frø, men òg vegetativt ved at nedliggande buskings-skot set røter. Dette krev gode fuktigheitsforhold. Ein karakterart på pakka og oksygenfattig jord.

Plante med tjukk stengel og grøne, uregelmessig tanna blad. Knoppar og gule blomstrar sit samla i toppen av stengelen. Foto.

Åkersvineblom

Senecio vulgaris

Åkersvineblomen blir ikkje meir enn cirka 30 cm høg. Har stor frøproduksjon utover sommaren. Ugrasharving verkar førebyggande.

Plante med grøne, lansettforma blad og rosa blomstrar som sit samla i aks. Foto.

Vanlig hønsegras og rødt hønsegras

Persicaria lapathifolia
Persicaria maculosa

Desse hønsegrasartane liknar på kvarandre. Dei blir opptil 100 cm høge. God drenering og ugrasbekjemping er gode førebyggande tiltak.

Fiolette blomstrar i klase i toppen av grøn plante med hjarteforma og hårete blad. Foto.

Raudtvetann

Lamium purpureum

Raudtvetann er ein illeluktande ugrasart som ofte overvintrar. Planta blir opptil 30 cm høg og liker sterkt gjødsla mark. Ugrasharving er eit effektivt tiltak.

Toårige ugrasartar

Plante med trådforma, grøne blad. Blomstrane sit samla i korger og liknar prestekragar. Foto.

Balderbrå

Matricaria perforata

Balderbrå kan bli cirka 70 cm høg. Planta har svært stor frøproduksjon og konkurrerer sterkt med kulturplantene om plass, vatn og næring.

Fleirårige ugrasartar

Gras med lange, grøne blad med innrulla bladkant. Blomstrane er grøne, flattrykte og sit i aks. Foto.

Kveke

Elytrigia repens

Kan bli frå 50 til 120 cm høg. Planta formeirar seg hovudsakleg gjennom spiring frå dei underjordiske stenglane. Dette er ei av dei verste ugrasplantene, fordi ho berre kan behandlast kjemisk i tofrøblada kulturar eller bli nedkjempa ved brakking. Kveka er lyskjær, så eit godt førebyggande tiltak er å dyrke tette kulturar.

Plante med grøne blad og dunaktige strukturar på toppen av stengelen. Foto.

Åkertistel

Cirsium arvense; Asteraceae

Åkertistelen kan bli om lag 130 cm høg i utvaksen tilstand. Planta spreier seg vegetativt ved at rotbitar set lysskot som kan spire frå 15 centimeters djupne.

Plante med lange, smale og grøne blad. Små gule blomstrar sit på greiner på toppen av stengelen. Foto.

Åkerdylle

Sonchus arvensis

Kan bli opptil 150 cm høg. Planta har formeiringsrøter, og den vegetative formeiringa er ømfintleg for gjenteken jordarbeiding, spesielt ved 5–7 varige blad.

Plante med lysegrøn stengel og brune blad oppover stengelen. Ein einsleg gul blomster sit i enden av stengelen. Foto.

Hestehov

Tussilago farfara

Formeirar seg òg frå jordstenglar. Namnet har planta etter dei hestehovforma blada som veks til utpå sommaren. Vi finn ho ofte på leirjord, og derfor har ho òg namnet leirfivel.

Plante med lansettforma blad som sit parvis rett ovanfor kvarandre på stengelen. Blomstrane har rosa og leppeforma kronblad og sit etasjevis i krans rundt stengelen på øvre del av planta. Foto.

Åkersvinerot

Stachys palustris

Blir opptil 80 cm høg og har ei vond lukt. Har evna til å formeire seg vegetativ med stengelknollar. Eit godt førebyggande tiltak er å drenere godt, da planta krev god fuktigheit for å formeire seg vegetativt.

Undersøk

Kartlegg ein kornåker og finn ut om det er ugras der. Bruk ein åker på skulen eller be ein bonde i nærleiken om løyve til å undersøke eit jorde.


  • Finn de ugras? Bruk oversikta om ugrasartane, oppslagsbøker eller Pantevernleksikonet fra Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) og artsbestem ugraset.
  • Snakk med ein lærar eller bonden som driv jorda, og finn ut kva som er gjort for å førebygge og bli kvitt ugras på jordet. Er det behov for fleire tiltak mot ugras?
  • Avtal med læraren om de skal dokumentere kartlegginga de har gjort.

Hugselappen

Førebyggande tiltak mot ugras i korn:

  • jordarbeiding
  • vekstskifte
  • gode forhold for kulturplantene

Vi kan nedkjempe ugras i korn med

  • mekanisk metode (ugrasharving)
  • kjemisk metode (sprøyting)

Ulike kulturar har problem med ulike ugras:

  • vårkorn: eittårige ugras dominerer
  • haustkorn: vintereittårige/toårige ugras dominerer

Vi skil mellom:

  • sommareittårige artar
  • vintereittårige artar
  • toårige artar
  • fleirårige artar

Relatert innhald

Her lærer du kva ugras er, korleis vi grupperer dei ulike typane ugras, og korleis vi kan førebygge og kjempe mot ugraset.

CC BY-SASkrive av Gjert-Are Valberg .
Sist fagleg oppdatert 10.12.2018

Læringsressursar

Dyrking av korn