Hopp til innhald

Fagstoff

Byggjegrunn

Alle hus, bygg og anlegg står på bakken eller på jorda. Unntaket er flytande installasjonar på sjøen eller ute på vatnet. Byggjegrunnen er altså det konstruksjonen står på. Konstruksjonen kan vere alt frå hus, vegar og jernbanar til bruer og master.
Ei gravemaskin er i full sving på eit anleggsområde. I bakgrunnen ser vi eit hotell, eit vatn og fjell. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er det med byggjegrunn?

Det er byggjegrunnen som bestemmer om ein konstruksjon står i ro eller ikkje. Ein konstruksjon kan vere eit bygg, ei bru, ein veg og ein bane. Om byggjegrunnen ikkje er stabil, kan konstruksjonen få sprekkar og setningsskadar. I nokre tilfelle kan også ras føre til at heile konstruksjonen blir øydelagd. Om vatn i grunnen eller frå overflata trengjer inn i eit bygg, kan det gjere omfattande skadar.

Nokre stader i Noreg kan det sive helseskadeleg gass (radon) frå grunnen. Dette kjem av at fjellet eller lausmassane har ulik kjemisk samansetjing. Alt dette er forhold vi må ta omsyn til når vi skal byggje.

Byggjegrunn i Noreg

For om lag 10 000 år sidan låg det ei tjukk kappe av is og snø (isbre) som var i rørsle, over heile landet. Då istida tok slutt, for mellom 6 000 og 10 000 år sidan, kom landet fram i lyset. Nokre plassar var det då fast fjell, andre plassar var det lausmassar. Denne lausmassen var knust stein i alle storleikar. Det var alt frå store steinar til dei minste korna. Alt dette kallar vi uorganisk materiale, og massen har namn etter storleik (sjå lista nedanfor). Om materialet er flytta langt, anten med isen eller med vatn, er det meir avslipt og rundt i kantane. Leirepartiklar som er avsette i sjø (saltvatn), kan bli flytande (kvikk) om strukturen bryt saman. Slik leire kallar vi kvikkleire.

Etter kvart som landet blei fritt for is og klimaet blei varmare, byrja vegetasjonen å spreie seg. Daud vegetasjon blei broten ned, og vi fekk lag av nedbrote plantemateriale/matjord som vi kallar humus. Humus er ustabilt, og det bør ikkje vere humus i byggjegrunnen.

Hos byggjesakskontoret i kommunen kan du få kart som gir informasjon om grunnforhold.

Sortering av lausmassar

  • blokk: store steinar over 250 mm
  • stein: 64–250 mm
  • grus: 2–64 mm
  • sand: 0,06–2 mm
  • silt: 0,002–0,06 mm
  • leire: mindre enn (<) 0,002 mm

Sikker byggjegrunn

Det er byggjegrunnen som bestemmer om eit bygg står i ro eller ikkje. Det vil seie at grunnen må tole tyngda av bygget eller konstruksjonen. Om byggjegrunnen ikkje er stabil, kan det bli sprekkar i konstruksjonen. I nokre tilfelle kan ras øydeleggje heile bygget. Ras kan oppstå når vi grev bort masse. For å vere sikre må vi derfor sikre skråningar, både i byggjegroper og i grøfter.

Vi ser ei todelt bru i eit snødekt landskap. Det er gått eit skred under brua, og det eine køyrefeltet har delvis kollapsa. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tørr og fri for vatn

Om det er vatn i grunnen, kan fukt trengje inn i bygget. Dette kan kome frå grunnen (grunnvatn) og frå overflatevatn. For å hindre fukt legg vi drenering som både kan senke og føre vekk overflatevatn. Fukt i bygget kan føre til ròte og mugg som gjer at arealet ikkje lenger kan brukast. Før vi reparerer, må vi fjerne fuktkjelda.

Vatn i grunnen kan også føre til tele. Det vil seie at vatn frys og utvidar seg slik at det blir rørsle i grunnen. For å unngå dette isolerer vi slik at frosten ikkje kjem ned under fundamentet av bygget.

Fyllmasse og planering

Vi bruker lausmassar av sand og grus til å planere byggjegrunnen før vi byggjer fundamentet for konstruksjonen. Lausmassar kan også vere produserte av knust stein. Felles for dei ulike typane fyllmasse er at dei må ha god drenering, slik at det ikkje samlar seg vatn i fyllinga.

Varmetap til grunnen

Eit bygg vil også tape varme til grunnen. Kor stort varmetap det blir, er avhengig av varmeleiingsevna til massen under bygget og avstanden til bakken omkring bygget. Skal golvet nærmast grunnen vere oppvarma, bruker vi alltid å isolere.

I store bygg kan det vere mogleg å oppnå tilstrekkeleg ved å isolere berre den delen av golvet som er nærast ytterkantane. Massen under golvet vil då fungere som eit varmelager, og det vil bli svært tregt å variere ønskjeleg temperatur.

For andre konstruksjonar, som vegar og bruer, kan det vere naudsynt å isolere i grunnen for at ikkje tele skal endre underlaget eller fundamentet.

Quiz om byggjegrunn

CC BY-SASkrive av Magne Vågsland.
Sist fagleg oppdatert 08.01.2019

Læringsressursar

Omarbeiding og flytting av lausmassar