Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Godstransport i Noreg

Denne tverrfaglege oppgåva tek for seg sentrale kompetansemål i programfaga. Tidsplan og organisering svarer til tverrfagleg eksamen på vg2 og kan variere noko frå fylke til fylke.
Foto av lastebil som er åleine på vegen i fjellandskap.

Bakgrunn

Du er tilsett som lærling i eit firma som heiter Riktig transport AS. Du har fått i oppdrag å planleggje og gjennomføre ein tur der lasta er kleberomnar frå Granitt AS på Otta.

Turen går nordover i Noreg, og siste levering er i Alta. Du skal levere omnar i Namsos, Mo i Rana, Bodø, Tromsø og Alta.

Omnane er av typen Rosa biobrenselomn, og kvar omn har ei vekt på 200 kilo. Omnane er rektangulære, og flate på toppen. Dei har desse måla: 103 x 85 x 66 cm.

Mål for lasteskåpet på bilen: breidd = 2,43 m, lengd = 7,35 m

  1. Granitt AS kontaktar deg og ber om ein pris på transporten.
    Bruk tala nedanfor og berekne prisen. Berekne ei forteneste på 5 % i tillegg til summen av dei totale kostnadene.
    Årleg køyrelengd på bilen kan bereknast til 150 000 km.

Faste kostnader

  • forsikring: 50 000 kr
  • husleige: 100 000 kr
  • kontorkostnader: 50 000 kr
  • avskriving: 20 % av nybilprisen
  • renteutgifter: 7 % av nybilprisen

Nybilprisen er 1 500 000 kr.

Variable kostnader

  • lønn og sosiale kostnader: 280 kr per time
  • overnatting: 500 kr per natt
  • diett
  • diesel: 0,3 liter per km
  • dekk: nypris totalt 40 000 kr, forventa levetid 60 000 km
  • vedlikehald: 0,50 kr per km
  • ikkje pårekna utgifter: 0,30 kr per km

  1. Du skal planleggje turen på ein slik måte at du kan ta last i retur.
    Når kan du vere framme i Alta? Bruk eigne berekningar med dine eigne føresetnader. Skriv ned dei føresetnadene du legg til grunn ved berekninga.
  2. Føraren har ansvar for kontroll av køyretøyet. Kva krev myndigheitene at du kontrollerer før du køyrer? Vis til lovverk og paragrafar.
  3. Planlegginga av ein slik tur krev at du har utstyr og dokument som du er pålagd ved lov å ha.
    Skriv ned kva slags utstyr og dokument du må ha med deg på turen.
  4. Når du lastar og sikrar dette lasset, er det viktig at du planlegg godt.
    Vis ved hjelp av ei teikning korleis du tenkjer at lasset kan sikrast. Vis til lovverket om sikring av last.
  5. Fraktbrev er eitt av dokumenta du må ha med på turen. I denne oppgåva må du hjelpe avsendaren med å fylle ut fraktbrevet for dei åtte omnane som skal til Bodø varmesenter i Storgata 52. Dei fleste opplysningane du treng til utfyllinga, finn du i oppgåva, men du må også bruke nettet for å finne nokre av dei.
  6. Du skal levere omnar på fleire ulike stader (sjå innleiinga til oppgåva).
    I kva for rekkjefølgje vil du laste omnane? Grunngi svaret.
  7. Dette er ein stor leveranse totalt, og spørsmålet er om du kan ta med deg alle omnane som er bestilte.
    Kor mange omnar kan du ta med deg? Er det nokre føresetnader i svaret du kjem fram til?
  8. Kor mange kubikkmeter gods er det plass til i skapet ved 80 % utnytting? Kor mange europallar kan du ha i éi høgd? Vis utrekninga.
  9. Omnane er solide, og det skal mykje til i form av uhell eller aktløyse for at dei skal bli skadde.
    Kva er avsendaren si oppgåve når det gjeld emballering av omnane for transport? Kva andre oppgåver har avsendaren? Vis til lovverk som inneheld føresegner om dette.
  10. I løpet av turen er vara ditt ansvar, og mykje er avhengig av korleis du har utført jobben med lasting og sikring. I tillegg er køyrestilen din viktig.
    Kven vil du ta kontakt med dersom du blir forseinka i forhold til avtalt leveringstidspunkt?
  11. Granitt AS har ei eiga transportforsikring for omnane sine.
    Kva ville dei fått i erstatning dersom omnane hadde blitt øydelagde og berre godsansvarsforsikringa skulle dekt skadane?

Relatert innhald

Logistikk er «aktivitetar for å få riktig vare fram til riktig stad, i riktig mengd, til riktig tid, i riktig stand og til riktig pris».

Her skal du først lære kva kvalitet er. Deretter følger to døme på kva vi meiner med kvalitet i godstransport og persontransport.

CC BY-SASkrive av Morten Gunnar Plassen.
Sist fagleg oppdatert 11.02.2022

Læringsressursar

Tverrfaglege programfagsoppgåver