Oppgave
Skitur til Lillehammer
Oppgåvene er utdrag frå ei eksamensoppgåve og tek for seg sentrale tema som planlegging av transportoppdrag og førstehjelp.
Du arbeider for eit busselskap i Bergen og har fått i oppdrag å arrangere ein tur med 40 ungdommar som skal frå Knarvik til Lillehammer for å stå på ski. Avreisedagen er 2. mars 2013. Du sjekkar vegmeldingane i vedlegget Redusert vegliste.
Filer
- Redusert vegliste(PDF)
- Redusert vegliste(DOC)
- Kva busstype vil du velje? Grunngi svaret.
- Lag ei reiserute.
- Kor lang tid reknar du med at de vil bruke på denne turen? Grunngi svaret.
- I Indre Arna er det ein personbil som ikkje overheld vikeplikta i rundkøyringa mot Arnanipatunnelen på E16, og køyrer inn i sida på bussen. Korleis vil du sikre skadestaden?
- Sjåføren i personbilen sit fastklemd, og klagar over smerter i nakken. Kva slags førstehjelp vil de gi han?
- Demonstrer på ei førstehjelpsdokke korleis de vil utføre hjarte- og lungeredning.
- Gå saman i par og fyll ut skademeldingsskjema. I rubrikken Personlege opplysningar er ein av dykk sjåfør A, den andre sjåfør B.