Hopp til innhald

Fagstoff

Transport i byggje- og anleggsverksemd

Her skal vi lære om påbygg som blir brukte i byggje- og anleggsverksemd.
Biletet viser ein lastebil som blir lasta av ei gravemaskin.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Anleggstransport

Byggje- og anleggsverksemda er ein stor transportbrukar. Massar som jord, stein og sand skal køyrast til og frå, og det same skal byggjemateriale og utstyr. Målt i talet på tonn er transport av massar den aller største varegruppa som blir transportert på veg, og det utgjer for tida over 50 prosent av norsk godstransport.

Dumparpåbygg

Når ein skal transportere masse, som til dømes jord, leire, stein og så vidare, bruker ein lastebilar med dumparpåbygg og gjerne tilhengjar. I daglegtale blir desse køyretøya gjerne kalla for "tippbilar", fordi lasta blir tippa av bilen ved hjelp av hydrauliske sylindrar som skråstiller påbygget.

Biletet viser ein tippbil som tippar massar på eit anleggsområde.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dumparpåbygga deler vi inn i lettdumpar, normaldumpar og tungdumpar. Lettdumparen er berekna til finare massar, mens tungdumparen er berekna for dei tøffe oppdraga med til dømes sprengd stein. Den største forskjellen mellom desse tre typane er styrken i materialet dei er laga av. Eit dumparpåbygg med nemninga 10–6 betyr at materialtjukkleiken er 10 mm i botnen og 6 mm i sidene. Alle desse dumparpåbygga kan berre tippe bakover. Tilhengjarane som blir nytta, er ofte påhengsvogner som blir kalla for kjerre.

Det finst framleis bilar med trevegs tipp, men dei ser ein ikkje så ofte brukt lenger. Ein bil med trevegs tipp kan tippe både til sidene og bakover. Føraren kan opne og låse dei rette låsane og dermed tippe lasta slik han eller ho ønskjer.

Tippsemi

Semitrailerar blir no nytta i stadig større grad. Då slepp ein problemet med å tippe mellom bil og hengjar, og utstyret blir rimelegare. Veltefaren blir likevel større med ein semitrailer enn med bil og hengjar, noko som kjem av lengda på dumparkassen. Hugs at desto lengre dumparkassen er, desto lettare vil han velte under tipping.

Biletet viser ein tippsemitrailer på ein anleggsplass.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Maskintralle

Når noko skal byggjast, er det naudsynt å flytte maskiner og utstyr, og til det bruker ein ofte ein trekkbil med maskintralle kopla på. Ei maskintralle er ein semitrailer som er innretta for maskintransport, det betyr at han er lågbygd, og at han ofte har køyrebruer bak.

Det finst òg løysingar der det er mogleg å dele maskintralla ved svana. Då blir det enklare å køyre på utstyr, og tyngdepunktet blir lågare. Dei fleste maskintrallene kan gjerast breiare i nesten heile lengda. Ved transport av breie, lange og tunge maskiner kjem ein fort under reglane for spesialtransport.

Biletet viser ein tungtransportbil som fraktar ein stor hjullastar.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Per Haukeberg og Arne Skrede. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 30.03.2022

Læringsressursar

Påbygg