Hopp til innhald
Fagartikkel

Komprimator

Her skal du lære om komprimatorar, eller renovasjonsbil eller søppelbil, som det òg blir kalla.

Komprimatorbil

Ein bil med komprimator er det same som ein renovasjonsbil eller søppelbil. Det ville vore dårleg utnytting av køyretøyet om ein måtte køyre søppel i laus vekt, og derfor er bilane no utstyrte med komprimator som pressar lasten saman slik at volumet blir redusert.

Når renovatøren fester dunken i tømmeapparatet og vippar dunken opp, kjem det opp ei plate som pressar avfallet framover i påbygget med stor kraft.