Hopp til innhald

Fagstoff

Vakthald

Vaktselskapa tilbyr mange typar vakthald alt etter kva behov kundane deira har. Her skal vi sjå nærare på nokre av tilboda.
Vektere i butikk
Opne bilete i eit nytt vindauge

Stasjonært vakthald

Stasjonært vakthald betyr at vektaren har teneste innanfor eit bestemt område heile vakta, til dømes på eit museum. Det motsette av stasjonært vakthald er den mobile vektartenesta som går frå område til område. Oppgåvene er likevel nokså like: Vektarane skal halde vakt for å hindre brann, innbrot og hærverk, dei skal lukke vindauge, låse dører, slå av lys og liknande.

Arrangementsvakthald

Det har vore eit aukande behov for vakthald i samband med arrangement dei siste åra. Det finst selskap som spesialiserer seg på denne tenesta (til dømes SOS Event), og det finst ei eiga utdanning for vakthald ved arrangement.

Arrangement kan vere større fotballkampar, konsertar eller festivalar. Vektarar på arrangement skal i tillegg til å passe på tryggleiken rundt scenene gjerne også utføre oppgåver som tilgangskontroll, billettkontroll og å halde orden og gi informasjon til publikum.

Flyplassvakthald

Hendingar som «9.11.» i New York har ført til auka sikkerheitsarbeid på flyplassane. Hovudoppgåva til vektarane på flyplassar er å sluse passasjerar gjennom eit sikkerheitspunkt og sjekke gjenstandar og mengda med væske som passasjerande har med seg.

Hjelpemidla til vektaren er ein metalldetektor og ein skannar som gjennomlyser handbagasjen. Vektarane sjekkar også billettar.

Vi gir vektarane eit taust samtykke til kontroll når vi skal ut å flyge. Vi kan nekte, men då er sjølvsagt konsekvensen at vi ikkje slepp gjennom tryggingskontrollen eller om bord på flyet.

Områdevakthald

Ein vektar som har områdevakthald, kontrollerer eitt bestemt område til fots eller med bil.

Teknisk vakthald

Teknisk vakthald kan også kallast vaktmeistertenester. Vektarane kontrollerer då drifta av maskiner og set inn tiltak dersom det skulle bli driftsstans. Andre oppgåver kan vere å sjekke bilar, måke snø, vedlikehalde dører og rulletrapper, handtere avfall og klippe plenen. Denne tenesta blir ofte kombinert med andre tenester, til dømes sentervakthald.

Sentervakthald

Vektarane har ansvaret for ro og orden på og rundt eit kjøpesenter. I tillegg yter vektarane service til kundar ved å gi informasjon.

Vaktselskapet kan også tilby service til leigetakarane (butikkane) og senterleiinga. Ein butikktilsett som er åleine på jobb, kan til dømes få gått på toalettet medan vektaren står i butikken i ti minutt. I helgane kan vektaren låse opp og stengje kjøpesenteret.

CC BY-SASkrive av Monica Gjertsen Steinbakken. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 10.05.2018

Læringsressursar

Risikoanalyse og sikringstiltak