Hopp til innhald

Fagstoff

Fysiske sikkerheitstiltak

Fysiske sikkerheitstiltak handlar om sikring av bygningar, dører, vindauge, tak, golv og vegger.
Nøkkelhull, knapp og gjerde som et eksempel på fysisk sikring. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ei bedrift sikrar seg best når ho kombinerer fysiske, tekniske, manuelle og administrative sikkerheitstiltak. Det er nemleg viktig at dei ulike tiltaka fungerer saman og utfyller kvarandre. Vi må med andre ord tenkje på den samla sikkerheitsløysinga for bedrifta.

Venndiagram med tittel på sirklene. "Tekniske tiltak", "Manuelle tiltak", "Administrative tiltak" og "Fysiske tiltak". Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fysisk sikring

Fysiske tiltak er ulike former for tiltak som kan sikre bygningar og stader der ting blir oppbevart. Butikklokalet til ein gullsmed er eit døme på ein bygning kor det bør setjast inn fysiske sikkerheitstiltak.

Dei ulike tiltaka du må vurdere, er:

Dører

Dører er ein del av den bygningsmessige sikringa. Dørene bør vere FG-godkjente, slik at dei tilfredsstiller krava i Norsk Standard til stivleik og styrke, som svarer til styrken og stivleik til ei 35 mm kompakt tredør. Eit alternativ er å forsterke døra med ein 1,5 mm stålplate som blirfalsa rundt kantane på døra.

Hengsel

Hengsel heng saman med døra. For at døra ikkje skal kunne demonterast (blir løfta av), er det tilrådd å bruke eit såkalla bakkantbeslag. Då får døra og karmen styrke på den sida døra er hengsla på.

Låsar

Lås er svært viktige for sikkerheiten. Låsen skal hindre innbrot, og må derfor vere vanskeleg å bryte eller dirke opp. Det finst mange ulike typar låsar. Her er nokre:

  • stiftsylinderlås
  • tilhaldarlås
  • elektromekanisk lås
  • kombinasjonslås
  • hengjelås

I tillegg til gode lås er det viktig å ha eit godt låssystem. Dette punktet heng nøye saman med det administrative sikkerheitstiltaket som handlar om å administrere nøklar og inngangskontroll i bedrifta. Nokre av fordelane ved å ha eit låssystem er at du berre treng éin nøkkel for å opne dei dørene du har behov for. Du har òg kontroll med utleveringa av nøklar.

Vindauge/glas

Vindauge og glas er ofte svake punkt på ytterveggene. For å kunne stå imot sterk oppvarming eller slag/støyt kan herda glas brukast. Eit anna alternativ er laminert glas. Det er fleire lag med glasplater limt saman, noko som gjer at det står imot slag eller skot dersom glaset er tjukt nok. Glaset kan altså vere skotsikkert.

Gitter

Gitter framfor dører og vindauge er eit godt sikkerheitstiltak. På kjøpesenter har dei fleste butikkar gitter som blir trekt ned når butikken er stengd. Gitter blir òg ofte brukt av gullsmedbutikkar. Materialet i gitteret er gjerne stål, aluminium eller ein kombinasjon av dei to.

Gjerde

Når bedrifta skal velje gjerde, må ho òg vurdere kva slags material det skal vere laga av. Er det nok med plast, eller er det behov for gjerde av aluminium eller stål?

Belysning

Det er viktig med god belysning ute og inne. Lys kan slåast på ved hjelp av sensorar. Eit utelys som automatisk slår seg på ved rørsle når det er mørkt, kan verke avskrekkande på innbrotstjuvar eller ein som er ute etter å gjere hærverk. Godt lys er òg viktig saman med videokamera.

Bommar og portar

Bommar kan brukast for å ha kontroll på trafikken i eit område. Bommar kan vere automatiske, eller ein kan bruke nøkkel for å låse. Porter må vere like sikre som gjerde, og dei bør ha godkjende hengsel og låser. Porter og gjerde blir ofte brukte saman.

Skap

Skap er ei verdioppbevaringseining. Bedrifter ønskjer å sikre ulike gjenstandar eller papir, og avhengig av kva ein skal sikre, vel ein mellom ulike typar av skap som verdiskap (safe), brannskap, dataskap (som også bør vere brannsikkert), arkivskap eller sikkerheitsskap.

Mykje verditransport går føre seg i sikra bilar. Då blir det brukt sporbare koffertar. I slike koffertar er det ein sendar som gir signal om kvar kofferten er. I sporbare koffertar er det òg fargeampullar som gjer det umogleg å bruke pengane dersom kofferten har vorte brote opp.

CC BY-SASkrive av Monica Gjertsen Steinbakken. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 31.03.2021

Læringsressursar

Risikoanalyse og sikringstiltak