Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Dei fleste ulykker skjer i heimen

Dei fleste ulykker skjer i heimen. Denne oppgåva går ut på at du skal avdekkje moglege uønskte hendingar i din eigen heim.
Brann i hus. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For å vurdere risiko er det nødvendig å avdekkje uønskte hendingar.

Ta utgangspunkt i heimen din (alternativt kan du velje praksisplassen eller arbeidsplassen din).

  1. Gjer greie for ti moglege uønskte hendingar.
  2. Gjer greie for moglege årsaker til hendingane.
  3. Gjer greie for moglege konsekvensar av hendingane.
  4. Kva sikringstiltak kan du eller familien din gjere for å minske risikoen for dei uønskte hendingane? (Husk: risiko = sannsyn * konsekvens)
CC BY-SASkrive av Monica Gjertsen Steinbakken. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 10.05.2018

Læringsressursar

Risikoanalyse og sikringstiltak