Fellesfag for studieførebuande utdanningsprogram. Vi utviklar faget slik at det er klart til skulestart 2026.
Dette faget er under utvikling. Vi fyller på med ressursar fortløpande.
Her finn du informasjon om geografi på NDLA. Lærarrettleiingar, årsplanar og støtte til undervisninga vil du òg finne her.
I dette emnet får du lære meir om kva verktøy og metodar geografar bruker. Feltarbeid og kartkunnskap er sentrale tema her.
Her lærer du dei viktigaste omgrepa knytte til berekraftig utvikling og får nokre perspektiv som du kan ta med i dei andre emna i geografifaget.
Her lærer du om korleis indre krefter formar jordoverflata, fører til naturkatastrofar og gir oss viktige ressursar.
Her lærer du om korleis ytre krefter har forma landskapet vårt og gitt oss viktige ressursar, og om naturfarane dei fører med seg.
Kvifor har nokre land for mange eldre, mens andre land har for mange unge? Lær om demografi, levekår og migrasjon.
Vi treng naturressursar, men ved arealbruk må ein ta omsyn til mange ulike interesser. Kan vi klare å unngå interessekonfliktar og arealkonfliktar?
Lær om kva som bestemmer klimaet, og korleis endringar i klimaet påverkar natur og samfunn ulike stader i verda.
Vi har eit forbruk som ikkje er berekraftig. Sirkulær økonomi og eit grønt skifte er nødvendig. Klarer vi å gjere noko med overforbruket vårt?
Globalisering, teknologi og lokaliseringa til næringslivet er i stadig endring. Kva har det å seie for om verda blir meir eller mindre berekraftig?