Hopp til innhald

Sau

Sauen er ei partåa klauvdyrslekt i oksefamilien. Sauen er eit flokkdyr og skil seg frå geitene – som han elles står svært nær – ved dei tverr-rifla, trekanta og meir eller mindre tett spiraltvinna horna sine. Hos hoene er horna mindre enn hos hannane, eller dei kan mangla. Sauebukken har heller ikkje skjegget til geitebukken og den ramme lukta. Alle villsauer høyrer heime på den nordlege halvkula.
Sauer på beite. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tamsauen høyrer til blant dei eldste husdyra, og vart tamd før det eigentlege jordbruket kom i stand. Dei eldste funna er frå Nord-Iran ved Kaspihavet og vert daterte til om lag 6000 år f.Kr. Det eldste funnet i Noreg er frå Ruskeneset ved Bergen, tidfesta til 1500–1400 f.Kr.

Dei vanlegaste sauerasane her i landet er spælsau, kvitsau, dalasau og norsk pelssau. I Noreg har det vorte meir vanleg å ha villsau i fjella rundt der ein bur. Dei klarer seg bra i naturen, og krev ikkje stell. Dei andre tamsauene er derimot tidkrevjande for bøndene. Dei er på fjellet i sommarhalvåret, og det er vanleg å sanka inn sauene i september før viltjakta startar.

Utsjånaden til sauen varierer mykje mellom rasane. Kroppen er normalt om lag 120–180 cm lang inkludert hovudet. Vekta varierer frå 20–200 kg, sjølv om produksjonsdyr gjerne veg kring 35–90 kg. Hoa går drektig i 146–148 dagar, og lamma vert fødde i mars–april rundt påsketider.

Bruk

Det er vanlegvis lammet vi bruker til mat her i Noreg. Ein fullvaksen sau har ein vesentleg sterkare smak, og kjøtet er ikkje like møyrt. Vaksne sauer vert brukte som avlsdyr og til å forsyna oss med ull.

Lammekjøtet har sterkt særprega smak og lukt, og er ettertrakta kjøt i Noreg. Om hausten er det tradisjon for å laga til ferskt lammekjøt som «får-i-kål» og lammefrikassé. Lammekjøt vert òg brukt som lårsteik, bresert steik og skank, sennepsglasert lammesal (også brukt naturell) til salting og tørka til pinnekjøt og fenadlår. Dette er knytt til julehøgtida. Lammerull er nydeleg som pålegg.

Næringsinnhald

Lam og sau er feitthaldige dyr, og størstedelen av feittet kjem av metta feittsyrer. Det kan vera lurt å skjera bort ein del av feittet då det metta feittet ikkje er ønskjeleg ernæringsmessig. Dyret er ei god proteinkjelde, og det inneheld også litt B-vitamin, kalium, fosfor og natrium.

Sjå matvaretabellen om nærare opplysningar om næringsinnhald.

Relatert innhald

Lammelår er ei fantastisk råvare som kan nyttast til mange retter. Her ser du korleis vi deler eit lam, og kva dei ulike stykkingsdelane eignar seg til.

CC BY-SASkrive av Anette Eikild Larsen.
Sist fagleg oppdatert 05.03.2017