Hopp til innhald

Utforsk årsaker til kriminalitet

Kvifor blir nokon kriminelle? Lytt til kva forbrytarane fortel sjølv, utforsk kriminalitetsstatistikken, og undersøk ulike årsaksforklaringar.

Oppgåve 1 – møte med to kriminelle

Raud notatbok med papir stikkande ut. I forgrunnen står teksten «Heilt personleg». Foto.
Heilt personleg

Om utenforskap: Kriminalitet

I denne podkasten om utanforskap, snakkar programleiar Marthe Sveberg med Awais Malik og Emil/Don Belizio om erfaringane deira med kriminalitet.

0:00
-0:00

Viss du har behov for det, finn du her òg ein transkribert versjon, altså ein tekst av det som blir sagt i podkasten.

Transkripsjon podkast om kriminalitet

I: Intervjuar

M: Malik

E: Emil

Intro:

E: Politiet eller media laga oss om til Barnevernsbanden, eller døypte oss Barnevernsbanden.

M: Eg har ikkje berre vore ein pusher, eg har vore kriminell.

I: Plutseleg bestemde du deg for å slutte, korleis klarte du det?

I: På 16-årsdagen sin 15. august 2001, sat 16 år gamle Malik i fengsel for første gong. Dei neste 15 åra skulle han gå inn og ut av fengsel så mange gonger at han ikkje hugsar kor mange det er, korleis vart det sånn? Og korleis går det an å komme seg ut av det?

I: Hei Malik.

M: Hei.

I: Hallo. Du, kan ikkje du fortelje litt om oppveksten din først?

M: Eg er fødd og oppvaksen på Holmlia, og då eg var liten så hadde faren min ein restaurant og sånn, så vi er fødde inn i ein god familie. Gjekk på skule, Hallagerbakken skule til å starte med, Holmlia ungdomsskule, og seinare tallause mange vidaregåande skular som eg aldri fullførte. Då eg var yngre, så hugsar eg at det var ei stund eg var ein veldig tjukk gut, og då pleidde eg veldig ofte å bli mobba. Den mobbinga var mesteparten av tida berre på skulen, og eg ville ikkje vere så mykje på skulen, eg hang heller på restauranten til faren min. Der pleidde det å vere nokre gjengmedlemmer som kom, som var veldig omtalte rundt omkring, kjente som B-gjengen, og han eine vart veldig god ven med meg. Han var ikkje så mykje eldre enn meg, men han var kjempekul og vi vart veldig gode vener, han var eigentleg ven med ein av dei som jobba i restauranten der.

Den mobbinga og den ikkje-tilhøyrselen på skulen, og den tilhøyrselen der nede på restauranten, det vart ikkje eit vanskeleg val lenger om kvar eg ville henge mest. Så gjekk det litt tid, så byrja eg å føle at eg var litt kul eg òg.

Eg var på ein fest den første mai, og der vart det ein liten slåstkamp. Dagen etter vart eg trua på skulen av nokon av dei store gutane som gjekk i førsteklasse, og nokon av tilhengarane deira på Holmlia. Eg skjønte ikkje kva eg skulle gjere, og eg var jo veldig redd. Så tenkte eg, ok veit du kva, han som pleidde å komme på restauranten til faren min, han sa til meg at “Viss du får noko bråk nokon gong så må du seie frå, eg er veldig glad i deg, eg kjem til å støtte deg”. Eg tenkte greitt, eg ringde han og sa til vedkommande at “Bror, eg har fått bråk på Holmlia skule, kan du hjelpe meg?” og når han kom på skulen så vart veldig mange av dei unge redde, dei sprang kvar sin veg fordi at han som var eldre kom og stumpa røyken sin i si eiga hand, og det var jo litt skummelt for oss unge. Eg tenkte at ok, no er eg kongen på haugen.

Eg vart kasta ut av ungdomsskulen, det står på papiret frå ungdomsskulen at Awais Malik vart kasta ut av skulen fordi at han tilkalla B-gjengen på skulen. Eg fekk fem dagar fri, og dei fem dagane brukte eg godt på restauranten til faren min, saman med han andre. Hehe, det gjorde eg. Der starta den lange forferdelege ferda mi, med ein god start då.

I: Ja.

M: Men, sånn starta det for meg, og eg fann ein skikkeleg god tilhøyrsle. Eg var ein veldig god, skoleflink elev, men eg så ikkje noko interesse i det lengre, for det var ikkje der eg treivst. Der eg treivst, trong eg ikkje nokon kompetanse.

I: Det var liksom ikkje noko valuta, det å vere flink på skulen, og det gav deg ikkje nokon vener, og det gav deg ikkje nokon ting, på ein måte.

M: Nei, det gjorde ikkje det.

I: Du nemnde det at dei var så kule, dei på restauranten der. Var det ein viktig ting? Eller var det det at du plutseleg var velkommen hos nokon? Eller, kva ting var det som gjorde at du på ein måte landa i han..?

M: Det som er, ikkje sant, er at du fekk aldri høyre kva som er dårleg med deg. Dei hadde alltid funne noko du skulle gjere. Det trong du berre å gjere, berre nokon småting. Sjølv om du var tjukk, var du velkommen. Nokon var eldgamle heldt eg på å seie, eg var veldig ung. På Holmlia var det berre folk som skulle plage oss fordi vi var vanlege skulegutar, men det byrja å forandre seg. Det forandra seg på grunn av at eg oppsøkte dei nye miljøa som aksepterte meg, så plutseleg hadde eg vener.

I: Du gjekk liksom frå at det ikkje var nokon flokk i det heile.

M: Yes.

I: Så fekk du ein flokk der dei var kule, der du fekk meining med livet, du har noko å tilby, du fekk på ein måte anerkjenning frå folk rundt deg, og vart betre likt og..

M: Heilt riktig.

I: Så den pakken, han var liksom ikkje noko å ikkje slå til på.

M: Ja, men det med anerkjenninga, det blir aldri ferdig. Det blir splitta i gjengar, du vel sider, du gløymer gamle vener, du er fiende med gamle vener, du sit inne med nye vener, ikkje sant? Så det er sånn evig jakt på tilhøyrsel, for han er jo aldri din.

I: Nei.

M: Du har jo berre gått til nokon og vorte akseptert på grunn av at dei visste kva dei skulle bruke deg til. Du visste jo ikkje kva du skulle bli brukt til.

I: Fordi det er ikkje noko med deg, det er berre det du tilbyr eller..

M: Ja.

I: Så det verkar veldig forlokkande i starten, og det er, ikkje sant, her kjem eg til å falle på plass.

M: Ja.

I: Men så er det ikkje sånn, då.

M: Ja, akkurat som du fekk plass ein dag, skal ein annan ta plassen din. Sånn er det berre.

I: Ja.

I: I 15 år var du kriminell, og det var grov kriminalitet, og det var liksom heile livet ditt, og så plutseleg bestemde du deg for å slutte, korleis klarte du det?

M: Vendepunktet mitt var når eg, ja, eg har ein son som heiter Mikael. Eg gjekk tur med han på Grønland, og han spurde meg “Pappa, kva er det?”. Eg sa at det er fengsel, så gav eg han ei god forklaring på kva fengsel er og kvifor ein skal halde seg unna det, og kva slags folk som sit der inne. Så eg følte meg moralsk forkasteleg, og den kjensla byrja å byggje seg større gjennom året, og det gjorde at eg byrja å mislike meg sjølv, mislike alt rundt meg, og tok mange feil val i sinne og frustrasjon, og eg tenkte at veit du kva, eg skal flytte vekk herifrå. Eg skal slutte med dette her, eg må slutte med dette her. Så eg tok valet, og eg flytta vekk.

Det å slutte, ikkje sant, med kriminalitet, det er mykje tøffare enn å drive med det. Det kjende eg på når eg skulle slutte, veit du kva, han roper på deg, han seier “Hey, du har det heilt bra!”, men du må gjennom ein veldig tøff veg. Og så er det sånn at når du har vore kriminell i så mange år, så er det litt vanskeleg å berre slutte av seg sjølv. Det var ikkje berre å knekke egoet først og fremst, det var ikkje å ignorere gamle... det var ikkje det. Det var, kva er det eg tek til meg? Og eg sklei verkeleg ut igjen, eg sklei verkeleg ut igjen, og då tok eg tak i kriminalomsorga.

Første karen som eg vart kjend med på kriminalomsorga, han er eit fantastisk menneske som klarte å seie éin ting til meg. Han sa “Malik, det hjelper ikkje berre å slutte med kriminalitet, du må slutte å tenkje som ein kriminell.” Og eg, med advokat og alt mogleg, klarte å komme til eit vendepunkt igjen då, men denne gongen hjelpte samfunnet til.

I: Du, no er du student.

M: Ja.

I: Du jobbar frivillig.

M: Ja.

I: Du har ein fin kjærast.

M: Ja.

I: Føler du deg framleis utanfor?

M: Nei. Faktisk ikkje. Den jakta på evig tilhøyrsle, ho er over. Eg har ikkje berre vore ein pusher. Eg har vore kriminell. Eg har gitt folk tilhøyrsle, utan å ha han sjølv, men no har eg funne han. No er eg liksom broren til han eg er broren til. Eg er mannen til han eg er mannen til, ikkje sant? Eg føler eg har eit kjærleiksfylt liv med fred. Eg er student, eg har ei oppgåve i samfunnet når eg er ferdig som student, ikkje sant? Eg treng ikkje å leite etter tilhøyrsle, eg er den eg er, eg har liksom funne meg sjølv, eigentleg. Meininga med tilhøyrsle er at ein ikkje finn seg sjølv, så fort ein finn seg sjølv så har ein tilhøyrsle.

I: Kva kan vi gjere? Korleis kan vi sørge for at ein ikkje hamnar inn i den jakta på tilhøyrsle, og det at ein blir på ein måte forført litt då, inn der?

M: Viss vi byrjar å, i staden for at vi skal knekke gjengar, men heller fokuserer på å førebyggje liva til ungdommane. Som på Holmlia til dømes, var det veldig mange ungdomsklubbar då vi var små. Det har ikkje vorte mindre ungdommar der, men det har vorte veldig mykje mindre ungdomsklubbar, ikkje sant? Og ungdomsklubb handlar ikkje berre om å spele biljard og bordtennis, det må vere noko meir enn det. Inkluderande samfunn, opne for kvarandre.

I: Så viss vi alle på ein måte tenkjer at, i staden for å berre liksom ok, der er det ein som er utanfor. Då skal eg sørge for at han kjem inn på ein måte, viss vi alle byrjar der med oss sjølv då...

M: Heilt riktig.

I: Så vil vi vere på veg ein stad.

M: Ikkje sant? Heilt riktig. Byrje med deg sjølv. Kven er du? Er du den som lèt den eine vere utanfor, så er du den som gjer feil.

I: Malik, tusen takk for praten.

M: Takk.

I: I 2010 herja ein gjeng unge gutar mellom 13 og 15 år i Kristiansand. Barnevernsbanden, som dei vart kalla, gjorde over 1000 lovbrot på få månader og ein av dei, det var deg, Emil.

E: Mhm.

I: Hallo.

E: Hei hei.

I: Du, kan du ikkje fortelje meg litt om Barnevernsbanden først?

E: Barnevernsbanden, vi var ein gjeng vener, og politiet eller media laga oss om til Barnevernsbanden, eller døypte oss Barnevernsbanden. Dei plasserte alle under barnevernsinstitusjonar, både private og offentlege tiltak, og i staden for å behandle alle situasjonane individuelt, for alle kjem jo frå ulik oppvekst, ulike heimar, kanskje nokon med rus, kanskje nokon med vald. Alle påverkar kvarandre negativt når dei kjem til ein sånn plass, ikkje sant.

I: Så de byrja litt i det små og så fekk de ikkje noko hjelp, de fekk eigentleg dårleg behandling på eit vis, og så eskalerte det, var det det som skjedde?

E: Det eskalerte på ein måte, dei fleste av oss vart tekne på institusjonar, først korttidsinstitusjonar. Og når vi vart behandla der, møtte vi jo fleire likesinna og det vart verre, det berre ulma opp, og vi følte vi vart dømde i staden for forstått i desse samanhengane.

I: Kva var bakgrunnen din for at det vart sånn for deg?

E: Vi vart kjende... eg kjem frå Grim, det er eit område i Kristiansand som er veldig berykta for ungdomskriminalitet og pøbelstreker og litt sånne greier. Så det som skjedde, var at vi møtte andre ungdommar frå andre sider av Kristiansand, og det var det som vart til Barnevernsbanden.

I: Var det litt sånn “oss mot dei”-greiene som forsterka det litt på ein måte, jo meir dei sette hardt på dykk, jo meir sat de hardt tilbake, var det litt det?

E: Vi følte at vi ikkje vart forstått og at alle skulle komme og snakke ovanfrå og ned. Eg hugsar som liten, det var ikkje så veldig kjekt, du føler du ikkje blir forstått av nokon og då føler du berre for å skeie ut endå meir. Spesielt når du blir teken frå din eigen familie, då blir det jo endå verre.

I: Du, la oss spole tilbake til Emil, liten. Korleis var du som barn, vil du seie? Korleis var livet ditt som barn?

E: Det var fint. Eg voks opp med åleinemor, faren min vart deportert eitt år etter fødselen min. Det er litt spesielt, følte alltid at eg var litt forskjellig, hadde ein annan hudfarge, men elles relativt greitt.

I: Faren din var frå Belize?

E: Frå Belize, riktig.

I: Han var litt på kanten av lova, og det var det som gjorde at han vart deportert?

E: Det vart vel litt kulturkrasj for han. Han hadde hatt ein trøblete bakgrunn, så han enda opp i mykje slåstkampar rett og slett, var glad i å slåst. Han var framand, var mystisk, litt sånn “kva gjaldt det”, ikkje sant. Og det var mykje av den historia som eg ikkje visste kva som skjedde, som var sånn og sånn, og som var heavy som eg har fått vite om i seinare tid. Og det trur eg var med å påverke meg veldig, for då flytta eg til Belize når halve sjuande klasse var ferdig. Og då vart eg påverka av familie, ein heilt annan kultur der. Onklar som røyka weed dagleg og fetrar som gjorde det dei måtte for å overleve, tantene var ikkje alltid der, så dei eldste måtte ta vare på familien. Det var ein veldig wake up-call for meg å sjå kor annleis det var der i forhold til Noreg. Det var veldig mektig å sjå kor bra vi har det her, og kor lite folk klarer seg med der nede.

I: Så då du kom heim frå Belize, då byrja du på ungdomsskulen som var Grim ungdomsskule?

E: Det var den mest berykta ungdomsskulen i Kristiansand på den tida. Eg veit ikkje kva som skjedde, men spesielt i vår, akkurat då eg byrja der, så var det veldig heavy allereie i tiande klasse. Så då følte alle åttandeklassingane at anten du vart livredd og ville halde deg heilt vekk, eller så følte du “eg skal vise dei her at vi er tøffare enn dei”. Så eg trur det var det som ulma og vart starten på det heavy bålet, at det vart så heavy i akkurat vår alder.

I: Så du var litt uheldig med årskullet ditt og så kom du frå Belize med litt nyerverva kunnskap då, kan ein seie?

E: Akkurat, heilt sant. Det vart konkurranse om kven som kunne stele flest bilar, og det vart berre verre.

I: Vil du liksom seie.. det er fort gjort når ein snakkar om kriminalitet at ein seier at eg passa ikkje inn i akkurat sånn eller.. men for deg så er det på ein måte små drypp heile tida, kva vil du seie er hovudgrunnen til at det gjekk gale for deg?

E: Det er jo at ikkje dei har gjort den individuelle oppfølginga som eg føler er det som trengst, og der har det vore nok sosiale eksperiment, føler eg då, til å bevise at den handlingskrafta dei har eller den handlinga dei gjer mot dette problemet, ungdomskriminalitet, er heilt feil veg å gå. Ta heller å prøve og byggje dei opp på noko dei liker å gjere, noko positivt, noko som kan inspirere dei. Då er det mykje lengre veg for dei til gata eller andre greier, viss dei føler dei er ikkje noko verd så gjer dei ikkje noko, og dei kjem til å gå meir den vegen enn den positive vegen. Så det er heilt feil framgangsmåte av det statlege vesenet.

I: Kva tenkjer du at du hadde trunge, kva hadde den vesle fyren og ungdommen, Emil, trunge?

E: Eg trur at det kunstnariske i ungdom er veldig... det er dei åra du er mest kreativ og eg trur det er for lite inn på det i samfunnet i dag, at folk kan gjere ein forskjell der og faktisk finne noko dei er glad for. Den hjelpa med å finne noko dei brenn for eller liker å gjere...

I: Gi folk alternativ liksom?

E: Akkurat, gi dei litt meir, gi dei noko dei er glade for, for då vil vegen vere lenger mot andre greier.

I: Kva tenkjer du om det du har vore gjennom og korleis stiller du deg til det no?

E: Eg ser på alt som ei reise. Så eg er veldig takksam for alt eg har vore igjennom for alle stega som eg trong for å bli den eg er i dag.

I: Korleis kom du deg ut, då?

E: Korleis gjorde eg det? Spesielt når eg sat inne der, så fekk eg mykje tid til å reflektere på kven eg er og at ingen skal definere kven eg er, heller at eg er større enn det, forbi det. Så det fekk meg til å satse på musikken, og eg skjønte etterkvart at eg var veldig god på det. Det var då eg byrja gradvis å leggje frå meg tull og vinningskriminalitet og andre greier som eg heile tida er oppvaksen i, som er heile meg, identiteten min. Så det er veldig merkeleg, det var ei lang reise og ei veldig vanskeleg reise, for det er mønsteret mitt, og det er det mønsteret som eg føler samfunnet og staten har skapt meg til å vere, og komme ut av det igjen. Det er vanskeleg for eit menneske å bryte eit mønster.

I: Kva vil du seie til ungdom då?

E: Tenk lenger. Gjer det, verkeleg, tenk langsiktig. Sjølv om det er gøy og vi er impulsive, så er det viktig å tenkje framover.

Oppgåve 2 – teoriar om kriminalitet

Lytt gjennom podkasten i oppgåva over, og svar på spørsmåla. Ei oversikt over teoriar om kriminalitet finn du i artikkelen «Årsaker til kriminalitet og marginalisering».

  1. Finn du nokre likskapar i det Malik og Emil fortel om?
  2. Malik var med i B-gjengen, medan Emil var med i Barnevernsbanden. Finn ut meir om kven desse gjengane var og kvifor dei var så berykta.
  3. Kva teoriar om kriminalitet kan best forklare at Emil og Malik blei kriminelle? Du finn ei lenkje til ein artikkel som beskriv ulike teoriar og årsaksforklaringar nedst på sida.
  4. Kva teoriar om kriminalitet meiner du passar dårlegast på forteljinga til Emil og Malik? Grunngi svaret.
  5. Ta utgangspunkt i dei ulike forklaringane på kriminalitet som du meiner passar best på Emil og Malik. Korleis kunne samfunnet forhindra at Malik og Emil blei kriminelle?
  6. Korleis kan du bruke nokre av dei ulike teoriane om kriminalitet til å forklare kvifor det er så vanskeleg å slutte å vere kriminell?

Oppgåve 3 – utforsk kriminalitetsstatistikken

Gå inn på SSB og finn den nyaste statistikken om kriminalitet. Grunngi svara dine ved å vise til den relevante statistikken.

  1. Kva slags lovbrot er vanlegast i Noreg?
  2. Kva kjønn og kva aldersgrupper utfører mest kriminalitet?
  3. Kvifor trur du det er så store forskjellar mellom kjønn og aldersgrupper når det gjeld kriminalitet?
  4. Kvar i Noreg finn du mest kriminalitet?
  5. Kvifor trur du det er mest kriminalitet på akkurat desse stadene?
Fire menn i finlandshette står i eit kontor som er veldig rotete. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 4 – utforsk bakgrunnen til ein kriminell

  1. Vel eit konkret lovbrot der gjerningspersonen har stått fram og fortalt om bakgrunnen sin. Viss du til dømes vel Nokas-ranet, kan du finne ut kven som deltok i ranet og søkje dei opp på nettet. Fleire av ranarane har stått fram og fortalt om bakgrunnen sin i media.
  2. Beskriv kort lovbrotet og korleis gjerningspersonen sjølv forklarer kvifor han eller ho braut lova. Ta med alle relevante opplysningar om den sosiale bakgrunnen, oppvekstmiljøet og dei personlege eigenskapane til gjerningspersonen.
  3. Samanlikn skildringa gjerningspersonen gav, med ulike teoriar om kriminalitet. Du finn ei lenkje til ein relevant artikkel nedst på sida. Diskuter kva forklaringar som passar best på den gjerningspersonen du har valt.
  4. Kva teoriar og årsaksforklaringar på kriminalitet meiner du passar dårlegast på den gjerningspersonen du har valt? Grunngi svaret.
  5. Vel ut dei tre eller fire årsaksforklaringane du meiner er best, og plasser dei på ein skala mellom individ- og strukturforklaringar (sjå illustrasjonen under).
  6. Diskuter til slutt om det er individforklaringar eller strukturforklaringar som best forklarer kvifor gjerningspersonen i ditt døme blei kriminell.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen, Inga Berntsen Rudi og Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 24.01.2021