Hopp til innhald

Slik søker du jobb i NDLA

Lyst på kompetanseheving i eit arbeidsmiljø der hjarta bankar litt ekstra for vidaregåande opplæring? Vi har medarbeidarar frå heile Noreg, og mange av oss jobbar i den vidaregåande skulen ved siden av jobben i NDLA. Før du søker jobb hos oss, kan det vere lurt å lese gjennom denne sida.
Fire personar som står ved sida av kvarandre. Dei smiler mot kamera. Foto.

Kven kan søke?

  • Du må vere tilsett i ein av dei 14 fylkeskommunane som samarbeider om NDLA.

  • Du må ha relevant utdanning og kompetanse innan fagområdet for stillinga di.

  • Viss du søker redaksjonell stilling, må du også ha erfaring frå undervisning i vidaregåande skule.

  • Har du i tillegg erfaring frå produksjon av digitale læremiddel, vil vi vektlegge det i vurderinga vår.

  • I NDLA har vi tru på at mangfald driv utvikling. Vi vil ha medarbeidarar som respekterer kollegaene sine uavhengig av kva kjønn, alder, funksjonsevne, nasjonalitet, legning eller personlegdom dei har.

Nokre praktiske opplysningar

  • Medarbeidarar i NDLA blir frikjøpte frå dei fylkeskommunale stillingane sine.

  • Dei jobbar til vanleg frå heimekontor eller på skulen dei tilhøyrer.

Kva gjer du no?

Vil du søke på ei av stillingane vi kunngjer, sender du ein skriftleg søknad og cv-en din til stilling@ndla.no, med kopi til den teamleiaren som er nemnd i kunngjeringsteksten. Sjekk òg om det er stilt krav til innsending av arbeidsprøve, før du søker.

Dersom du har praktiske spørsmål om tilsetting i NDLA, er du velkommen til å kontakte administrativ leiar Anne Høgestøl på e-post annehoegestoel@ndla.no eller på telefon 97 66 43 77 for meir informasjon om lønn og framgangsmåte for å søke permisjon frå stillinga du har i dag.

Vi gler oss til å høyre frå deg!