Hopp til innhald

Lån ut ein medarbeidar


– Det er verdifullt å låne ut medarbeidarar til NDLA. Det fastslår rektor Odin Tellesbø, som ser at skulen nyt godt av kompetansen frikjøpte lærarar tek med seg tilbake.

Tellesbø, som er rektor ved Lørenskog videregående skole, har dei siste åra lånt ut fire medarbeidarar til NDLA-samarbeidet. Nokre av dei er tilbake i jobb ved skulen igjen no, og Tellesbø framhevar den auka kompetansen samarbeidet gir.

– Det er viktig at lærarane får mogelegheit til å djupdykke ned i faga og auke kunnskapen sin om læring. Eg vil absolutt tilrå andre skular til å bidra med lærarar til NDLA-samarbeidet, fastslår rektoren.

Aukar motivasjonen

Lærer Karl Henrik Aanesen er blant dei som har vore frikjøpte frå stillinga si for å utvikle læringsressursar for NDLA. Det har vore ei positiv oppleving, fortel han.

– Det er inspirerande å jobbe med kollegaer frå andre skular i landet. Det har vore med på å auke motivasjonen min, fortel Karl Henrik Aanesen.

Han har dei siste fem åra bidrege i NDLA i ulike roller og stillingsprosentar. I år er han tilbake i jobben ved Lørenskog videregående skole, men han har framleis ein 20 prosents stilling i NDLA.

– Eg har fått mange gode faglege tips og funne mange ulike måtar å undervise på. Eg har teke mykje med meg tilbake til min eigen skule, seier den erfarne læraren.

Tenker nytt

I NDLA har han mellom anna hatt fagansvaret for det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring på NDLA. Dette fagstoffet har mellom anna hans eigen skule teke i bruk.

– I starten av skuleåret jobba vi med oppstarten for nye elevar som skulle starte på vidaregåande. Då var utgangspunktet Aanesens arbeid med temaet. Det faglege arbeidet hans vart henta tilbake til NDLA for å bygge kompetanse i eigen organisasjon, fortel Tellesbø.

– Eg ser fleire nytteverdiar med å låne ut lærarar til NDLA. Medarbeidarane våre får ein djuptgåande kompetanse, dei lærer nærast eit læreverk frå innsida, og dei er godt kjende med læreplanar og nye måtar å tenke læring på, poengterer Lørenskog-rektoren. Skulen han leier, har brukt utlånte medarbeidarar i arbeidet med å utvikle og forankre kunnskapen i eige personale.

Gratis påfyll

– Eg har fått lov til å besøke andre fagteam og gitt dei tips og innspel til ressursar på NDLA, seier Aanesen. Han har òg hatt innlegg i fellessamling på skulen og dessutan i det faglege nettverket i fylkeskommunen. Mykje av det han har lært og bidrege med i NDLA, har han teke med seg tilbake til eigen skule og fylkeskommune.

– Gjennom jobben i NDLA har eg fått lage podkastar, filmar, fagartiklar, interaktive opplegg og oppgåver. Det har gitt meg mogelegheiter som du ikkje har til vanleg, fastslår han.

Rektor Tellesbø er òg veldig positiv:

– Eg tilrår andre skular å bidra i NDLA. Det er viktig at lærarar får mogelegheita til faglege djupdykk. Dette er gratis kompetansepåfyll for lærarar og skulen, avsluttar Odin Tellesbø.