Hopp til innhold

Litterære tekster

Elevtekst: essay vg3

Essayet "Skulen knertar kids og kreativitet" ble skrevet i 2022 av Marie Bergesen Himle, vg3-elev på St. Olav videregående skole. Teksten er et svar på ei skoleoppgave.

Skulen knertar kids og kreativitet

Frå me er 6 år og til me blir 19 følgjer alle barn i Noreg ein streng doktrine som skal forma oss. Som produkt av staten blir me alle dytta ut i arbeidslivet, for no har me lært å tenkja rett, skriva rett, snakka rett og vera rett.

Samtidig blir me òg fortalde at alle menneske er unike. Alle menneske har noko særeige å tilby, men dette kjem i skuggen for prestasjonane i skulen. Skulen har bestemt kven som kan reknast som smart, og skulen har stor innverknad på oppsedinga av alle barn. Fungerer ikkje skulen for deg, så er du ikkje god nok, du fell utfor systemet og blir sett ned på. Men sant skal jo seiast, kvifor gidda å fremja originalitet når ein kan gøyma alle bak same majoritet?

Skulen tok enkelt og greitt livet av Aleksander Kielland sin Lille Marius. Han pugga latin til døden. Heile romanen "Gift" viser absurditeten bak skulesystemet sine strenge, ufråvikelege rammer, framstilt med ein realistisk skrivemåte.

Her er det klassekameraten Abraham si mor, fru Wenche, som representerer kritikken mot det dåverande skulesystemet. I staden for å læra latin og gresk, fremjar ho fag som "naturhistorie, medisin, jus, astronomi" (Kielland, 1883, utdrag 4). Dette blir teke dårleg imot av dei som er rundt henne, men til slutt viser det seg jo at fru Wenche fekk det som ho ville.

Som eit barn av det 21. hundreåret har eg til dømes både rettslære, politikk og menneskerett, og har lagt bak meg 11 år med naturfag. Tidene har altså forandra seg, og skulen er ikkje lenger den same som drap Lille Marius. Kan me seia at alt er fint no?

Me har mange fleire val. Dei som ikkje orkar teoretisk skule, kan ta yrkesfag. Dei som ikkje klarer naturfag, vel språk, samfunnsfag og økonomi. Dei som hatar å drøfta, kan velja å fordjupa seg i matte. Det er jo supert!

Men kva med dei 10 åra før det? Barndommen vår som set så djupe spor i kven me blir når me veks opp. 10 år med å kjenna seg mislykka, kjenna seg dum berre fordi ein briljerer i eit anna felt ein det som opplæringslova har bestemt. Men i det å vera evnerik og suksessfull ligg meir enn det å kunna leggja saman 2 og 2, eller reflektera rundt kva slags påverknad kyrkja har hatt på Noregs politiske system.

Sir Ken Robinson (1950–2020) heldt i 2006 ein TED talk om skulesystemet. Spørsmålet hans var "Do schools kill creativity?", og gjennom satire, fleire døme og ein sterk etos i rolla si som professor, set han heile konseptet skule under kritikk.

Han kritiserer korleis skulen har gjort barn redde for å ta feil, og dermed redde for å prøva seg fram. Han legg fram korleis det akademiske systemet, basert på industrialismen, er det ein gir verdi.

Men viktigast av alt for han er det å leggja fram at ein skal læra barna å tenkja, ikkje kva dei skal tenkja. "The only way we'll do it is by seeing our creative capacities for the richness they are and seeing our children for the hope that they are" (Robinson, 2006) er noko av det han avsluttar talen sin med. Han utfordrar heile basisen av skulesystemet i trua på at det kan byggja ei betre framtid.

Ein annan som bruker sitt medium til å utfordra skulesystemet, er Jostein Gaarder i si bok "Sofies verden" (1991). I boka lærer lesaren om filosofi gjennom hovudpersonen Sofie.

For Gaarder er det viktig å få fram korleis filosofi er ein fundamental del av menneske sitt liv. Saman med Sofie blir lesaren like investert i dette komplekse universet av tankar og idear.

Medan eg las boka, sat eg og undra meg over kvifor me ikkje lærte nokon av desse tinga på skulen. Det er jo det grunnleggjande i sjølve forståinga av kunnskap. Det å vera nysgjerrig er ein del av det å veksa opp, men som ein blir "avlært" av både skule og generelt livet rundt.

Gaarder utfordrar dette, og ein kan sjå det i ein samtale som Sofie har med mora i boka: "Men filosofi er ingen ufarlig selskapslek. Det handler om hvem vi er og hvor vi kommer fra. Synes du vi lærer nok om det på skolen? – Det er ingen som vet svaret på sånne spørsmål likevel. – Vi lærer ikke engang å stille spørsmålene" (Gaarder, 1991, side 189).

Gjennom Sofie får Gaarder ein utveg til å kritisera skulen som system. Igjen kjem det som Sir Ken Robinson prøver å fremja: Ein skal læra barn å tenkja, ikkje kva dei skal tenkja. Undring og ei lyst til å vita er det kjæraste me har, og det byggjer oss som menneske. Kvifor byggjer ikkje skulen det òg opp då?

Å undrast, å tenkja, å grubla er ikkje for alle. Menneske er jo unike, så alt passar ikkje for alle. Dette er noko av det MKTO tek opp i songen "Thank you". Songen deira er, som dei sjølv seier i introen, dedisert til "all the misfit kids and the total outcasts" (MKTO, 2014). For dei som ikkje sklir plettfritt gjennom systemet og blir utstøytte.

Gjennom heile songen takkar artistane sarkastisk for alt det harde dei har måtta gått gjennom berre fordi dei ikkje passar inn. Dei oppmodar til opprør og om å endeleg bryta med desse rollemodellane som held dei nede. Skulesystemet fungerer ikkje for alle, og kvifor nokon skal ha dårlegare føresetnad fordi dei ikkje passar inni ein boks, verkar i alle fall for meg ubegripeleg.

Eit døme på idiotien i å avgrensa dei som fell utanfor, finn ein i mange­millionæren Gillian Lynne (1926–2018). Dette er eit døme som Sir Ken Robinson snakkar om i talen sin. Gillian Lynne var koreografen bak kjende musikalar som "Cats" og "Phantom of the Opera".

Då Gillian var lita, vart mora beden om å ta henne med til legen i bekymring for lærevanskar. Etter ein samtale med Gillian og mora tok legen mora ut av rommet og sette på radioen. Då musikken strøymde ut, og Gillian var for seg sjølv, byrja ho å dansa til musikken.

Medisinen for Gillian var rett og slett å gå på danseskule, ikkje å bli pressa bak ein pult. Sjå kva som vart til då ho fekk brukt og utvikla potensialet sitt. Ho vart mangemillionær og beviste til heile verda styrken og mangfaldet i å vera ekstraordinær. Som Sir Robinson påpeikar, ein annan lækjar ville kanskje gitt henne nokre piller og sagt at ho hadde ADHD.

Kor underleg er ikkje denne avgrensinga av kreativitet? Må ærleg innrømma at eg sjølv kan sjå korleis eg har falle under regimet til skulen og lagt vekk mine utforskande sider. Då eg var liten, så elska eg å skriva. Den gamle, falleferdige pc-en min som bruker fem minutt på å lasta opp alle dokument, er stappfull av dei mest forunderlege historiene. Historier om pegasusar, magiske froskar, mordmysterium og altfor mange overdramatiske adjektiv. Men eg elska det.

Heldigvis hadde eg foreldre som sette seg ned og las kvar einaste historie og komplimenterte sjølv dei mest snåle setningsbygnader. For kvart kapittel sprang eg ned i stova av glede og iver i å kunna dela universa mine med andre.

Alt dette måtte leggjast til side då skule tok overhand. Aldri kom oppgåva om å skriva ei gripande historie. Eg måtte lesa om atom, matte og verb. Ja, så vart kanskje setningsstrukturen min 10 gonger betre, men diktinga og kreativiteten svann vekk for å heller skriva essay om opprør mot autoritetar.

Til slutt skal eg då endeleg svare konkret på oppgåva. Kva måte opprøret er representert, framstilt og kva handlingar det speglar. Autoriteten i dette essayet er skulesystemet, og det på verdsbasis.

Lille Marius måtte døy av pugging av verb, men dette var for nesten 200 år sidan. Forandringa Kielland var ute etter kom, men det kom endå meir kritikk frå Sir Robinson og Jostein Gaarder. Dei fremjar begge, anten direkte eller via karakteren sin, ein stor mangel og feil fokus hjå skulen.

MKTO når med musikken sin ut til ungdommane og seier at det er greitt å ikkje passa inn, det er systemet sin feil, ikkje din.

Og her på slutten sit eg – forfattar av eit essay som ingen andre enn ein norsklærar (og kanskje pappa, når han skal sjå over nynorsken) skal lesa gjennom – og kritiserer skulesystemet i ei direkte fornærming av oppgåva me har fått.

Menneske er fantastiske. Me er mangfaldige. Me er nysgjerrige. Me er kreative. Best av alt så har me alle noko særeige ved oss. Høyr på kritikken, gi plass til opprøra og gi individet ein sjanse!

Hei, eg heiter Marie. Eg er 18 år. Eg liker å ri, lesa, skriva og dansa. Eg er så mykje meir enn mi evne til å oppnå kompetansemål, så ver så snill, ikkje avgrens meg etter dei!

Kilder

Gaarder, J. (1991) Sofies verden, (7. utg). Aschehoug.

Kielland, A. (1883) Gift. NDLA. https://ndla.no/subject:30bcefff-7577-4e0b-afc6-b07f437ea354/topic:95701ecf-0ed9-4c6e-8a1a-2b47738864dd/topic:962ecf71-6777-4365-bb6f-7fd2a30c1f5c/topic:ae499ea1-5076-4a48-88d2-0a15050137ab/resource:14c4c178-610c-4f61-9925-cf443132fdc1

MKTO (2004) MKTO [Album]. Columbia Records.

Robinson, K. (2006, juni). Do schools kill creativity? [Video]. YouTube. 2006.https://www.ted.com/talks/sir_ken_robinson_do_schools_kill_creativity

CC BY-NC-SASkrevet av Marie Bergesen Himle.
Sist faglig oppdatert 20.12.2022

Læringsressurser

Å skrive essay