Hopp til innhald

Fagstoff

Seksuell trakassering på arbeidsplassen

Gjennom ein vanleg arbeidsdag har du kontakt med mange andre. Dette kan vere kollegaer, leiing, kundar og brukarar. Du har krav på ein trygg arbeidsplass der du ikkje blir utsett for uønskt seksuell merksemd. Realiteten er dessverre at mange er utsette for seksuell trakassering.

Kva er seksuell trakassering?

Seksuell trakassering er uønsket seksuell oppmerksomhet som har som formål eller virkning å være krenkende, skremmende, fiendtlig, nedverdigende, ydmykende eller plagsom. Seksuell trakassering kan forekomme i mange ulike varianter og kan være både fysisk, verbal og ikke-verbal (kroppsspråk).

Seksuell trakassering kan være alt fra seksuelle kommentarer om kropp og utseende, simulering av seksuelle bevegelser, klåing, tafsing, berøring til seksuelle overgrep. Visning av bilder og videoer med seksuelt innhold vil også være seksuell trakassering. Seksuell trakassering kan skje på arbeidsplassen i arbeidstiden, men kan også skje utenfor arbeidstid og arbeidssted som for eksempel på julebord, arbeidsreiser og gjennom sosiale medier. Det handler i stor grad om brudd på mer allmenne normer i samfunnet og hva man aksepterer som normal omgangsform.

Arbeidstilsynet

Seksuell trakassering og diskriminering i IT-bransjen

Nærbilete av ei hand på skuldera til ei kvinne. Foto.

I IT-bransjen jobbar det mange fleire menn enn kvinner. I Noreg utgjer kvinner 26 prosent av alle som jobbar i bransjen og 17 prosent av toppleiinga.

Mange kvinner har meldt frå om at dei møter dårlege haldningar frå menn i bransjen, at dei møter fordommar om at dei ikkje har like god teknologiforståing som dei mannlege kollegaene sine, at dei blir tilsidesett ved forfremjingar, at dei får mindre betalt enn menn som gjer den same jobben, og at dei har opplevd seksuell trakassering eller seksuelle overgrep frå mannlege kollegaer og leiarar. Seksuell trakassering kan til dømes vere kommentarar om kropp og utsjånad, upassande berøring eller tilbod om sex i byte mot fordelar og forfremjingar på jobb.

Nært opptil tre fjerdedelar av kvinner i IT-bransjen seier at dei har opplevd diskriminering på arbeidsplassen, og to av fem seier at dei har opplevd seksuell trakassering, ifølgje ei undersøking frå 2018.

#metoo-rørsla

Ei raudhåra kvinne held opp eit ark med teksten emneknagg METOO. Foto.

Metoo var ein kampanje i sosiale medium, som starta i 2017. Kampanjen handla om at kvinner som hadde opplevd overgrep og seksuell trakassering, brukte emneknaggen #metoo for å vise kor stort dette problemet er. Oppmodinga kom frå skodespelaren Alyssa Milano på Twitter, og eit døgn etter tweeten hennar hadde ein halv million menneske svart, og tolv millionar kommentarar vart delte på Facebook.

Hovudsaka i #metoo-kampanjen var å setje søkjelyset på seksuell trakassering frå overordna i arbeidslivet og i andre omstende med skeiv maktfordeling. Mange mannlege skodespelarar, produsentar, næringslivsleiarar og politikarar måtte trekkje seg frå posisjonane sine som følgje av avsløringar i kjølvatnet av kampanjen. #metoo vart etter kvart ei global rørsle, og #metoo har bidrege til å senke terskelen for å seie frå om seksuell trakassering og diskriminering i arbeidslivet.

I Noreg handla diskusjonane rundt #metoo mykje om kjønn og makt i arbeidslivet, og mange bransjar starta sine eigne opprop for å rette merksemda mot korleis dei ulike bransjane kunne jobbe mot seksuell trakassering. I IT-bransjen vart eit slikt opprop kalla #systemdown. Initiativtakarane var leiarar av nokre av dei største interesseorganisasjonane i IT-bransjen, og dei oppmoda toppleiarane i IT-selskap til å signere oppropet, som du kan lese under.

Les meir om #systemdown i Aftenpostens artikkel Kvinner i tech-bransjen ber IT-toppsjefer signere opprop mot seksuell trakassering.

Kven har ansvaret ved seksuell trakassering?

Du har ansvar for å seie frå om uønskte hendingar, og leiinga har ansvar for å ta deg på alvor. Dei skal òg gi deg rettleiing når brukarar og kundar er for pågåande. Uavhengig om problemet er avgrensa til ein enkelt brukar eller kunde, eller om det ein opparbeidd ukultur som blir delt av mange, skal det setjast inn tiltak.

Viss problemet er med kundar, kan det vere lurt at du snakkar om det med kollegaer slik at de kan gi kvarandre råd. Det bør òg vurderast om det bør setjast inn fleire ressursar for å redusere situasjonar der uønskt seksuell merksemd kan oppstå. Gode førebyggjande tiltak og eit verneombod som er merksam på problematikken, er viktig.

Uønskte hendingar frå kollegaer kan bli eit stort arbeidsmiljøproblem, og det er viktig at du seier frå til leiinga, andre kollegaer eller verneombodet. Det kan òg meldast til Arbeidstilsynet. Du skal kjenne deg trygg på jobb og på arrangement i regi av jobben.

Utfordringar til deg

Kva blir meint med seksuell trakassering?

Kvifor er det viktig å seie frå dersom du opplever uønskt seksuell merksemd på jobben?

Kjelder

Arbeidstilsynet (u.å.). Seksuell trakassering. https://www.arbeidstilsynet.no/tema/trakassering/seksuell-trakassering/

Wibe, H. W., Austlid, H., Traaseth, A. K., Ringnes, I. & Greve, M. (u.å.). Opprop mot uakseptabel seksuell atferd og seksuelle overgrep i IT-bransen. Henta 13. januar 2022 frå https://docs.google.com/forms/d/e/1faipqlsf88desi6sxld2ohcgnkckdiwo5tqup64i5b3nnm9g3alnq0q/viewform

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Hege Nikolaisen , Vigdis Haugan, Tron Bårdgård og Karl Arne Dalsaune.
Sist fagleg oppdatert 18.01.2022

Læringsressursar

Arbeidsmiljø og HMS