Hopp til innhald

Fagstoff

Publisering av personopplysningar om tilsette på internett

Ei verksemd har lov til å leggje ut enkelte opplysningar om dei tilsette på Internett, men berre opplysningar som gjeld arbeidstilhøvet.
 Person surfer på nettside på mobiltelefon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ei verksemd har lov til å leggje ut enkelte opplysningar om dei tilsette på nettsidene sine, facebooksider og liknande, men opplysningane må berre gjelde arbeidstilhøvet. Det er til dømes lov å publisere namn, stilling, ansvarsområde, telefonnummer og e-postadresse hos bedrifta utan samtykke.

Portrettbilete av ein mann. Foto

Dersom ein også vil leggje ut bilete av dei tilsette, må dei det gjeld, gi samtykke til det. Det same gjeld dersom arbeidsgivaren ønskjer å publisere privatadresser eller andre, meir detaljerte, opplysningar om arbeidstakaren, slik som alder, sivilstand eller cv.

På intranett (lukka lokalnett) kan bedrifta i tillegg leggje ut bilete av dei tilsette utan å innhente samtykke på førehand. Men bileta må fjernast dersom arbeidstakaren ber om det. Publisering av bilete frå firmafestar og liknande skal først skje etter samtykke frå dei som kan kjennast att på bileta.

Verksemda har lov til å leggje ut informasjon som gjeld arbeidstilhøvet til dei tilsette, på Internett, til dømes namn, stilling, ansvarsområde, telefonnummer og e-postadresse.

CC BY-SASkrive av Arne Jansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 18.01.2022

Læringsressursar

Arbeidsmiljø og HMS