Hopp til innhald

Fagstoff

Skulen under krigen

Allereie dei første dagane etter invasjonen i april 1940 vart dei fleste skulane overtekne som militærforlegningar. Elevar og lærarar stod utan undervisningslokale, og skulestyresmaktene måtte tenke nytt. I Finnmark vart mange skular brunne ned i løpet av krigen.
Barn utanfor ein bygning med gitter framfor vindauga i første etasje. I bakgrunnen er det buskar, tre og ei bustadblokk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vanskelege forhold for undervisning

Det var ikkje lett å drive skule under krigen. Skular og forsamlingslokale vart rekvirerte, altså tekne over, av tyskarane allereie frå våren 1940. På grunn av dette vart det nødvendig å finne mellombelse skulelokale. Kyrkjelydshus, butikklokale, gardar, private heimar med meir vart brukte til undervisning over heile landet. I Trondheim fekk 400 elevar undervisninga si i Bymarka, 140 av dei på Lian-restauranten.

Dei vanskelege forholda gjorde at det var nødvendig med oppfinnsamheit og lærelyst, og det førte til sterkare nærleik og fellesskap mellom elevar og lærarar.

Ved juletider og elles om vinteren hende det at ferien vart utvida på grunn av den vanskelege brenselssituasjonen. Det ville ikkje vere mogleg å varme opp undervisningsromma nok når vinteren var på det kaldaste. Barna måtte gjerne ha med seg ein vedkubbe heimanfrå i skulesekken kvar dag. Fridagane på dei kaldaste dagane vart kalla brenselsferie.

Lærarstriden

Noko som gjorde forholda vanskelegare, var då det i 1942 vart eit læraropprør som førte til at mange lærarar vart arresterte.

I februar 1942 kom to lover knytte til lærarar og barn og unge som bidrog til at kampen lærarane førte mot nazifiseringa av skulen, vart tilspissa. Den første lova oppretta Norges Lærersamband og forplikta lærarane til å bli medlemmer av denne organisasjonen. Dei fleste lærarane boikotta dette. Samtidig kom det ei lov der medlemskap i NS' ungdomsfylking vart gjord obligatorisk. Alle norske gutar og jenter skulle altså tenestegjere i ungdomsfylkinga frå dei var ti til dei fylte atten år.

Dette vedtaket vart også motarbeidd av lærarane i landet. I løpet av nokre veker denne vinteren hadde 85 % av dei sendt inn eit protestbrev der dei nekta å medverke til oppseding av norsk ungdom etter dei linjene som var sette opp av Nasjonal Samling. Dette resulterte i at mange lærarar vart arresterte. Omtrent 1100 lærarar vart arresterte i mars 1942, og halvparten av dei vart sende til Kirkenes for tvangsarbeid.

Ei rekke menn i ulike vinterklede og med luer og hattar ute i snøen framfor ein kvit bygning. Til venstre for dei står ein mann i politiuniform med lang vinterfrakk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Også foreldre protesterte. Nærare ein halv million foreldre sende inn protestbrev der dei ikkje ønskte at barna deira skulle delta i ungdomsfylkinga til NS, då det strei mot samvitet deira.

Døme frå Finnmark og Nord-Troms

Nedbrunne hus i snødekt landskap. Det er stort sett berre skorsteinane som står igjen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den tyske okkupasjonen var særleg omfattande i Nord-Noreg, og spesielt i Finnmark. Vinteren 1944–45 var 100 000 tyske soldatar stasjonerte i Aust-Finnmark. Mange stader var talet på soldatar høgare enn lokalbefolkninga. I Porsanger auka til dømes befolkninga frå 3000 til 30 000. Mangel på opphaldsrom for soldatane førte til at dei rekvirerte og invaderte skular, men også bustader, kontorbygg og andre offentlege lokale.

Frigjeringa av Finnmark starta med invasjonen til dei sovjetiske troppane 18. oktober 1944. Men for å hemme framrykkinga til Den raude armé gav Hitler 28. oktober ordre om at Finnmark og Nord-Troms skulle totaløydeleggast og befolkninga tvangsevakuerast. 75 000 menneske måtte forlate alt dei eigde og hadde. Brend jord-taktikk utsletta det meste av busetnaden mellom Tanaelva og Lyngenfjorden i Troms.

Tapt utdanning som følge av krigen var særleg ein konsekvens for befolkninga i Finnmark og Nord-Troms. I okkupasjonstida vart mange skular og internat tekne av tyskarane, og vel 150 skular vart brende. I Finnmark stod berre 16 av 70 skulebygg igjen etter krigen, og 10 av dei 40 internata. Også Nord-Troms vart hardt ramma.

I tillegg til krigshandlingane førte mangel på lærarar også til tapt skulegang. Mange lærarar vart oppsagde eller arresterte og sende til fangeleirar.


CC BY-SASkrive av Gro-Anita Mortensen, Hans Nissen, John Skjæran og Vidar Bjørnsen. Rettshavarar: Statsarkivet i Trondheim og Statsarkivet i Tromsø
Sist fagleg oppdatert 04.11.2022

Læringsressursar

Krigen i Noreg