Hopp til innhald

Fagstoff

Forboden kjærleik: historia om "tyskarjentene"

Då freden kom 8. mai 1945, var jubelen i gatene enorm. Men ikkje alle var velkomne til å ta del i feiringa. Nazistar, profitørar og angivarar vart arresterte og straffa i det vi i Noreg kallar "landssvikoppgjeret". Hatet mot tyskarjentene var like sterkt.
Ein mann i soldatuniform og ei kvinne med med tjukk kåpe og hatt sit på ein steinbenk. Svart-kvitt foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgjerstimen

Tyskarjentene vart stempla som landssvikarar på linje med norske nazistar. I tillegg var dei moralske utskot, og vart sett på som ei gruppe tilbakeståande individ.

Problemet var at ein ikkje kunne stille dei for retten. For kva slags lovbrot hadde dei gjort? Det å ha ein tysk soldat som kjærast var ikkje straffverdig etter lova. Likevel kom oppgjerstimen òg for tyskarjentene. I vekene etter frigjeringa tok folk seg til rette. Det var lynsjestemning, og hat og hemnlyst fekk utløp. Det var ei enkel sak å gå laus på kvinnene. Dei var svake, verjelause og hadde ikkje sympati nokon stad. I heile Europa vart no kvinner utsette for valdelege og audmjukande handlingar.

"Vårt folk kan i framtiden med løftet panne se tilbake på oppgjørets dager i bevissthet om at vi ikke har noen utskeielse å skamme oss over – ingen overgrep."

(Fra Aftenpostens morgonavis, 14. mai 1945)

"… det blir en forferdelig pris de kvinner får betale for resten av sin levetid, som ikke avviser tyskerne."

Frå BBC sine radiosendingar under krigen, den norske "stemma frå London", Toralv Øksnevad, referert i Korsvik, 2018)

Norske kvinner sitt forhold til tyske soldatar

Det er usikkert kor mange norske kvinner som hadde forhold til tyske soldatar og offiserar under krigen. Kjeldene opererer med tal frå 30 000 til 100 000. Ei dansk undersøking viser at om lag 10 prosent av tilfella i Danmark resulterte i barnefødslar. I Noreg vart det fødd cirka 12 000 krigsbarn med tysk far.

Omgrep som "tyskartøs", "tyskarjente" og "tyskarhore" vart brukte som nemningar på kvinnene. Berre det å ha snakka med ein tyskar kunne vere nok til å bli stempla. Relasjonane kunne variere frå ein kortvarig flørt eller ein tilfeldig kjennskap til reine seksuelle relasjonar eller langvarige kjærleiksforhold. Det fanst også prostituerte kvinner som drog økonomiske fordelar av tyske kontaktar. Majoriteten av kvinnene var under 30 år. Dei hadde sjeldan ein politisk agenda, men på grunn av omgang med tyskarar vart dei rekna som politiske aktørar.

Høflege og komplimenterande unge menn

Dei fleste soldatane var unge menn, utkommanderte i krigen. Skal tru i kva grad dei hadde lyst til å vere fem år borte frå heimstad og familie? Frå personlege forteljingar og vitnesbyrd forstår vi at dei tyske soldatane var høflege og komplimenterande og gjorde alt dei kunne for å bli kjende med dei norske jentene. På mindre stader kunne soldatane vere i fleirtal. Dei levde tett på befolkninga, og slik utvikla det seg vennskap og kjærleiksforhold. Det var ikkje til å unngå at unge kvinner midt i "forelskingsalderen" vart sjarmerte.

Aksjonar mot tyskarjentene

Det var problematisk å straffeforfølge jentene. Dei hadde ikkje gjort noko lovbrot. Fleire av jentene vart skamklipte på open gate, og ein reknar med at det skjedde med cirka 5000 kvinner. Stort sett vart nok skamklippinga utført av menn og gutar som ikkje hadde fått vist sitt "heltemot" og "rette nasjonale sinnelag" under krigen. Mange meinte kvinnene fekk som fortent, men etter kvart vekte klippeaksjonane avsky i befolkninga.

Sjølv om det ikkje var straffverdig å ha tysk kjærast, sette òg heimefronten og politiet i gang aksjonar mot tyskarjentene. Det vart nødvendig å gjere vedtak som gjorde dette mogleg. Helsedirektoratet og Justisdepartementet slo fast at kvinnene måtte innbringast 1) fordi dei trong vern 2) fordi dei mest sannsynleg var smitteberarar av kjønnssjukdommar og måtte isolerast frå resten av befolkninga. Folk vart oppfordra til angiveri. Kvinner som var registrerte i helserådet sitt arkiv, og dei ein elles klarte å oppspore, vart arresterte og tekne inn til forhøyr. Dei vart spurde ut i detalj om forholda sine og seksuell aktivitet, før eventuell reaksjon vart fastsett. Mange kvinner mista både jobb og husleigekontrakt. Kvinner som var gifte med sin tyske soldat, mista den norske statsborgarskapen sin. Det same skjedde med kvinnene som gifta seg rett etter krigen.

Interneringsleirar vart oppretta over heile landet. I Oslo vart i alt 1100 tyskarjenter plasserte i tyskarleiren på Hovedøya utanfor byen. Opphaldet på øya kunne variere frå nokre veker til inntil eit år. Fleire barn var internerte med mødrene sine, men forholda i leiren gjorde at han vart avvikla sommaren 1946.

Våren 1946 kom det celebert besøk til Hovedøya – selveste sosialminister Svein Oftedal. Han fikk nærmest sjokk da han besøkte leiren, som utseendemessig ga ham sterke assosiasjoner til konsentrasjonsleiren han selv hadde sittet i, og sosialministeren besluttet at leiren skulle nedlegges snarest mulig. I april var det kroken på døra, og de siste innsatte ble rodd over til Vippetangen …

( Pedersen, 2012)

Kjelder

Aftenposten morgen. (1945, 14. mai). Seieren over oss selv. Henta frå https://www.nb.no/items/3d95031a4c425bf884590a8126a5a956?page=1

Korsvik, T. R. (2018, 30. oktober). "Tyskertøsene": Straffet – og unnskyldt. Kilden. https://kjonnsforskning.no/nb/2018/10/tyskertosene-straffet-og-unnskyldt

Pedersen, T. A. (2012). Vi kalte dem tyskertøser. Scandinavian Academic Press.

CC BY-NC-SASkrive av Ida Lützow-Holm. Rettshavar: Oslo Museum
Sist fagleg oppdatert 10.01.2023

Læringsressursar

Krigen i Noreg