Tyske troppar okkuperer Noreg
Tidleg om morgonen 9. april 1940 vart det tyske krigsskipet Blücher søkkt i Drøbaksundet. Det norske forsvaret si søkking av Blücher utsette Hitlers plan om å okkupere Noreg med eit døgn. Dette gav kongefamilien og regjeringa tid til å flykte nordover i landet og derfrå vidare til England og USA.
Da kongen og regjeringa forlet Oslo 9. april, forsøkte Vidkun Quisling å overta makta ved eit statskupp. Han heldt ein radiotale der han utnemnde seg sjølv til statsminister.
Kongen nektar å samarbeide
Den 10. april hadde kongefamilien med følge komme fram til Trysil. Tyskarane sende ein utsending til Trysil med krav om å innsetje Quisling som ny statsminister. Saka vart teken opp med Kongen i statsråd og resulterte i ein kongeleg resolusjon som kongen og statsminister Nygaardsvold skreiv under på. I denne resolusjonen nekta Haakon 7. å gje etter for det tyske kravet.
Etter krigen vart Quisling arrestert og dømd til døden for landssvik. "Kongens nei" vart brukt som dokument i landssviksaka mot han. Dei raude merknadene du ser på dokumentet, er frå tida da bevisa i saka vart samla inn.
"Kongens nei" blir derfor rekna som eit av dei viktigaste dokumenta i nyare norsk historie.