Hopp til innhald

Fagstoff

Filmar med tidsvitne frå andre verdskrigen

Gjennom eit samarbeid med ARKIVET freds- og menneskerettssenter i Kristiansand har vi gjort sju filmar med tidsvitne frå andre verdskrigen tilgjengelege. Tidsvitna har ulik bakgrunn og fortel sjølve historia si i desse filmane.
Portrett av sju tidsvitne frå andre verdskrigen. Fotomontasje.
Opne bilete i eit nytt vindauge

ARKIVET freds- og menneskerettssenter

ARKIVET freds- og menneskerettssenter ligg i den tidlegare statsarkivbygninga i Kristiansand. Bygninga var i åra 1942–45 hovudkvarteret til Gestapo på Sørlandet.

ARKIVET jobbar med både forsking, dokumentasjon, formidling og undervisning og legg særleg vekt på arbeidet med krigsarkiv, mellom anna tidsvitneintervju og historia til krigsseglarane.

Tidsvitne

ARKIVET sit på eit arkiv med intervju med tidsvitne frå andre verdskrigen som er tekne opp på film. Av desse filmane har vi plukka ut sju, som du finn her på NDLA historie. Filmane er ikkje nye, men dei formidlar personlege historier knytte til krigen, opplevde frå ulike ståstader.

Tidsvitna har ulik bakgrunn; det er ein motstandsmann, ein NS-medlem, ein frontkjempar, ei jødisk kvinne, ein såkalla tyskarunge, ein krigsseglar og ein som blei evakuert frå Finnmark i 1944.

Her finn du lenker til alle filmane:

Relatert innhald

Alle menneske set spor etter seg. Ved å forske på ein historisk person, kjend eller ukjend, kan du finne ut mykje om den tida personen levde i.

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 14.11.2022

Læringsressursar

Krigen i Noreg