Hopp til innhald

Fagstoff

Bidragskalkylen

Viss prisen blir bestemd eksternt, anten med utgangspunkt i prisen til konkurrentane eller av marknaden, må vi berekne om det er lønsamt for bedrifta å tilby produktet. Då bruker vi bidragskalkylen til å berekne fortenesta og bidraget kvart produkt vil gi, og til å dekkje dei faste kostnadene.
Kvite Nike-joggesko står på eit spegelpodium på eit bord i ein butikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ofte er det konkurransen i marknaden, konkurrentane og forventningane til kundane som bestemmer prisen på eit produkt. Vi bruker då ein konkurransebasert eller verdibasert/marknadsbasert prissetjingsmetode. Utgangspunktet for priskalkylen er salsprisen i marknaden, og vi bruker bidragskalkylen.

Skal ei bedrift overleve, må ho ha tilstrekkelege inntekter, og inntektene må vere større enn kostnadene. Her speler prisen på produktet ei viktig rolle. Prisen må ikkje vere for høg, for då mister vi kundar. Han må heller ikkje vere for låg, for då taper vi pengar.

Konkurransebasert og verdibasert/marknadsbasert prissetjingsmetode

Bidragskalkylen bruker du i ein konkurransebasert eller verdibasert/marknadsbasert metode. Når du vel denne metoden, tek du utgangspunkt i kva pris konkurrentane har på produktet, eller kva pris marknaden er villig til å betale.

Modell som viser samanhengen mellom prissetjingsmetodar og kalkylar. Under prissetjingsmetodar står det verdibasert/marknadsbasert, kostnadsbasert, konkurransebasert og dynamisk prissetjing. Frå metodane verdibasert/markedsbasert, kostnadsbasert og konkurransebasert står det piler vidare til priskalkylar, og under det står det først bidragskalkyle, så står det sjølvkostkalkyle, avansekalkyle og påslagskalkyle, og til slutt står det bidragskalkyle igjen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bidragskalkylen

Viss prisen blir bestemd eksternt, anten med utgangspunkt i prisen til konkurrentane eller av marknaden, må vi berekne om det er lønsamt for bedrifta å tilby produktet. Dette gjer vi ved å bruke bidragskalkylen.

For at det skal vere lønsamt for bedrifta å tilby eit produkt, må dekningsbidraget vere positivt. Det vil seie at prisen må minimum dekkje alle dei variable kostnadene ved produktet, det vil seie innkjøpskostnad, frakt og eventuelle avgifter.

Eit produkt bør òg bidra til å dekkje dei faste kostnadene og fortenesta til bedrifta. Jo større dekningsbidraget er, jo meir bidreg produktet til lønsemda til bedrifta.

Berekna dekningsbidrag per eining vist i tabell. Illustrasjon.

For å berekne dekningsbidraget må vi ta utgangspunkt i prisen utan meirverdiavgift. Prisen til forbrukarane er inklusiv meirverdiavgift. Denne må vi ta ut av reknestykket før vi reknar dekningsbidraget. For dei fleste varer er meirverdiavgifta 25 prosent, og då bruker du denne formelen:

Salspris utan mva. = salspris inklusiv mva.1,25

Her har vi berekna dekningsbidrag per eining, det vil seie per produkt. Vi kan òg setje opp ein bidragskalkyle som bereknar summen av dekningsbidraga for ei gruppe med produkt. Då må vi i staden for pris bruke summen av inntektene. For å finne summen av inntektene tek vi mengd multiplisert med pris utan meirverdiavgift. Deretter trekkjer vi frå dei variable kostnadene. Då får vi summen av dekningsbidraga.

Kalkulasjon med bidragskalkylen er vist i tabell. Tabellen viser reknestykket inntekter minus variable kostnader er lik dekningsbidrag minus faste kostnader er lik resultat. Illustrasjon.

Summen av dekningsbidraga er kva denne produktgruppa bidreg med for å dekkje faste kostnader og forteneste. Har bedrifta berre denne eine produktgruppa, kan vi trekke frå dei faste kostnadene, og då får vi eit resultat som er fortenesta til bedrifta.

Har bedrifta berre eitt produkt, kan vi bruke denne framgangsmåten for å berekne om det vil vere lønsamt å selje produktet. Får vi her eit positivt resultat, tener vi pengar på produktet. Dersom resultatet er negativt, vil det ikkje løne seg for oss å selje dette produktet.

Dekningsgrad

Kva produkt skal bedrifta satse på? Når vi skal velje mellom ulike produkt, bør vi samanlikne dekningsbidraget for dei ulike produkta. Vi bør både samanlikne dekningsbidraget i kroner og i prosent. Dekningsbidraget bereknar vi i prosent av salsinntekt, og dette blir kalla dekningsgrad. Du reknar dekningsgrada slik:

Dekningsgrad = dekningsbidrag × 100salsinntekt

Tenk over

Kvifor er det nyttig å samanlikne prosent i tillegg til kronebeløp?

Eit døme på bruk av bidragskalkylen

Vi illustrerer prinsippa i eit døme.

Bedrifta vår sel til dømes to typar varer. Inntektene våre består då av det talet varer vi sel, multiplisert med prisen vi får for varene.

Døme på bidragskalkylen

Bidragskalkyle

Kalkulasjon

Tal

Pris utan mva.

Omsetning

Vare A150per stk. 5 kr750 kr
Vare B350per stk. 30 kr10 500 kr
Sum inntekter11 250 kr
– variable kostnader5 000 kr
= dekningsbidrag6 250 kr
– faste kostnader3 500 kr
= resultat2 750 kr

Regel 1

Prisen vi får for den enkelte vara, må vere høgare enn prisen vi kjøpte vara for.

Inntektene våre er samla 11 250 kroner for vare A og vare B. Summen av variable kostnader er 5 000 kroner. Vi kallar differansen for dekningsbidrag, som er 6 250 kroner i dette dømet. Dekningsbidraget skal bidra til å dekkje dei faste kostnadene og til å gi bedrifta forteneste.

Vi kallar det beløpet som bedrifta kjøper vara inn for, for den variable kostnaden, sidan denne kostnaden varierer alt etter kor mykje vi sel.

Regel 2

Det samla dekningsbidraget må vere større enn dei faste kostnadene.

Når vi trekkjer dei faste kostnadene frå dekningsbidraget, får vi eit overskot, som er fortenesta til bedrifta. Dekningsbidraget på 6 250 kroner minus faste kostnader på 3 500 kroner gir eit resultat på 2 750 kroner.

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen, Cecilie Lund og Tone Hadler-Olsen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 08.04.2024

Læringsressursar

Prissetjing