Hopp til innhald

Fagstoff

Prisstrategiar

Når ei bedrift skal bestemme prisnivået på eit produkt, står valet mellom tre ulike prisstrategiar: høgare pris enn konkurrentane, den same prisen som konkurrentane eller lågare pris enn konkurrentane.
Illustrasjon som i boksar viser samanhengen mellom prisstrategi, prissetjingsmetode og justering av basispris. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Høg pris

Ei bedrift som vel strategien høg pris, sel til den delen av marknaden som har høgast betalingsvilje. Strategien blir derfor ofte kalla å skumme fløyten.

For å kunne setje ein høgare pris enn den gjeldande marknadsprisen må produktet ha klare fordelar samanlikna med konkurrerande produkt. Desse produktfordelane kan vere faktisk eller opplevd kvalitet, tilgjengelegheit eller enkelheit. Ei merkevare kan representere ein tryggleik som kan gjere kundane meir betalingsvillige.

Mercedes Benz har valt høgprisstrategien. Produktfordelen blir beskriven som høg faktisk og opplevd kvalitet. Dei har bygd opp merkevara Mercedes til det ho er i dag – assosiert med luksus, suksess, tryggleik og stil.

Ein mann polerer Mercedes-stjerna på ein bil. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Marknadsfokusering

Høgprisstrategien blir òg kalla marknadsfokusering, for ved å setje ein høg pris siktar vi oss inn mot ein mindre, bestemd del av marknaden. Strategien kan kombinerast med høgt reklame- og marknadsføringstrykk og blir då kalla hurtig marknadsfokusering. Vel vi ein høgprisstrategi med lite marknadsføring, snakkar vi om sakte marknadsfokusering.

Nøytral prisstrategi

Når bedrifta vel å setje prisen på same nivået som konkurrentane, kallar vi det ein nøytral prisstrategi. Bedrifter vel denne strategien fordi dei vil bruke andre konkurransemiddel i marknadsføringa av produktet.

Låg pris

Ei bedrift som vel strategien låg pris, gjer dette for å komme inn på marknaden med produkta sine. Strategien blir derfor ofte kalla inntrengingsstrategien.

Ved ein lågprisstrategi, er bedrifta avhengig av å selje i store volum og av å ta marknadsdelar frå dei andre konkurrentane. For å kunne halde svært låge prisar må produsenten òg ha låge kostnader, til dømes færre tilsette, høgare produktivitet eller lågare reklamekostnader.

Dette er ein aggressiv strategi som er dyr. Bedrifta vel å tene mindre på kvar selde eining. Den låge prisen må derfor føre til auka sal, slik at bedrifta "tek igjen" det ho hadde fått ved å krevje ein høgare pris per eining. Lågprisstrategien kan òg lett utløyse ein priskrig eller andre mottrekk frå konkurrentar som er etablerte, og som har råd til å tene mindre ein periode for å forsvare marknadsposisjonen sin.

Marknadsspreiing

Lavprisstrategien blir òg kalla marknadsspreiing, for ved å legge seg på ein låg pris klarer bedrifta å spreie produktet sitt effektivt i marknaden. Bedrifta kan velje å kombinere den låge prisen med eit stort marknadsføringstrykk. Då snakkar vi om hurtig marknadsspreiing. Vel vi å ha mindre trykk på marknadsføringa, kallar vi det for sakte marknadsspreiing.

Døme frå flybransjen

Eit døme på ei bedrift som har valt lågprisstrategi, er flyselskapet Norwegian. Norwegian var med på å bidra til å forandre marknaden for flyreiser i Noreg ved å forandre prisane. Den totale prisen på ein flytur er no sett saman av sjølve flyreisa, mat om bord, bagasje, setereservasjon med meir. Som kunde kan du velje bort alle tilleggstenestene, og på den måten kan du til ei viss grad velje din eigen pris.

Passasjerar om bord i eit Norwegian-fly. Biletet er teke bakfrå, og ein av passasjerane har ein pc på fanget framfor seg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Flyselskapet Flyr blei etablert hausten 2020. Dei hadde ein lågprisstrategi for å trenge inn i flypassasjermarknaden. Flyg er eit døme på at dette kan vere ein særs kostbar strategi, for i 2023 blei selskapet kravd konkurs.

Teikneseriestripe om ordtaket "Perler for svin". Sebrakarakteren vil kjøpe ei eske sjokoladekjeks, men må betale ekstra for både kjeks, sjokolade og handvask. Illustrasjon.
CC BY-SASkrive av Live Marie Toft Sundbye og Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 26.07.2023

Læringsressursar

Prissetjing