Hopp til innhald

Fagstoff

Bruk av bidragskalkyle i handelsbedrifter

Ei handelsbedrift kjøper inn varer for så å selje dei vidare. Prisen butikken kan ta for vara, er ofte gitt eksternt, som følgje av konkurransen i marknaden. I slike tilfelle er bidragskalkylen godt eigna.
Ein ung mann ser på pussemaskin i ein byggevarebutikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Verdi- og marknadsbasert eller konkurransebasert prissetjingsmetode

I dag er det slik at den prisen butikken kan ta, ofte er bestemd på førehand. Dette kan kome av at importøren eller ei kjede har prisa varene på nettet, i katalogar eller i annonsar.

Andre årsaker er at konkurransen mellom ulike handelsbedrifter og butikkar gjerne er så open at kundane har ei klar oppfatning om kva som er vanleg pris for ei bestemd vare. Kundane har sett ein verdi på produktet.

Prisane frå ulike konkurrentar er lette å finne på nettet, som til dømes på Prisguiden, Prisjakt og Momondo. I tillegg er produkta ofte svært like i kvalitet, i yting og så vidare. Prisane gir seg med andre ord ofte sjølv.

Bidragskalkylen

Ei handelsbedrift vil ofte konsentrere seg om dekningsbidraget, altså forskjellen mellom pris utan meirverdiavgift og innkjøpsprisen, den prisen bedrifta sjølv har betalt for vara. Dette gjeld ikkje minst viss konkurransen er hard, og det er naudsynt å setje ned prisane for å få selt varene.

Vi skal sjå på eit døme:

Pris utan mva.:Kr 170Innkjøpspris:Kr 120 Dekningsbidrag:Kr   50

Dekningsbidraget (DB) rekna om i prosent blir kalla dekningsgrad (DG). Formelen er slik:

Dekningsbidraget·100Pris utan mva.= Dekningsgrad

I vårt tilfelle: 50·100170= 29,4 %

Viss prisane ikkje er heilt fastlåste, kan butikken ha som mål å ha ei bestemd dekningsgrad på alle varene innan kvar varegruppe. Viss målet til dømes er 40 prosent i dekningsgrad, og innkjøpsprisen er 150 kroner, blir utrekninga slik:

150 kr +150 kr ×40100=210 kr

Vara vil altså koste kr 210 utan mva.

Det vi har drøfta over, kan omtalast som bidragskalkylen – fordi vi ser på dekningsbidraget.

Uttrykk og formlar

Variabel kostnad:
Innkjøpspris + direktekostnader (frakt, toll, m.m.)

Dekningsbidrag per stk.:
Pris utan mva. - variable kostnader

Dekningsgrad:

dekningsbidragsalsinntekt ×100

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 16.04.2021

Læringsressursar

Prissetjing