Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Prissetjing i praksisbedrifta

Korleis jobbar praksisbedrifta di med prissetjing? I denne oppgåva skal du finne ut kva strategi og metode praksisbedrifta bruker. Du skal også utforske korleis pris blir brukt som eit konkurransemiddel i marknadsføringa.
Prissetjing i fem steg: "vel prisstrategi", "vel prissetjingsmetode", "bruk relevant priskalkyle", "juster prisen" og "endeleg pris på produkt". Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Prissetjing kan vere enkelt for bedrifta dersom prislister blir utarbeidde av andre. Men dersom bedrifta lagar anbod på kompliserte prosjekt, kan prissetjing bety mykje arbeid. Uansett kva bedrift du er i praksis hos, er prissetjing ein viktig del av arbeidet med økonomi.

I praksisbedrifta di er det éin eller fleire som jobbar med økonomi. Du treng hjelp frå dei til å løyse oppgåva.

Svar på spørsmåla

  1. Kva prisstrategi har bedrifta valt? (Høg pris, same pris som konkurrentane eller låg pris?)

  2. Kva prissetjingsmetode bruker bedrifta?

  3. Kva priskalkyle bruker bedrifta?

  4. På kva måte blir basisprisen justert?

  5. Brukar bedrifta prisdifferensiering? Korleis blir i så fall dette brukt?

  6. Kor viktig er pris som konkurransemiddel for bedrifta?

Illustrasjon som i boksar viser samanhengen mellom prisstrategi, prissetjingsmetode og justering av basispris. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Tips til læraren

Oppgåva passar fint som del av loggen elevane skriv frå praksisen, eller som ei individuell skriftleg innlevering.

CC BY-SASkrive av Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 02.11.2021

Læringsressursar

Prissetjing