Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Rollespel – debatt: interessekonfliktar

Dette undervisningsopplegget er organisert som eit rollespel der mange aktørar deltek i eit folkemøte og legg fram argumenta sine i ein aktuell interessekonflikt.
I eti klasserom er pultane sette opp i ein hestesko. Ved kvar pult sit ein elev, og på eit A4-ark på pulten er det skrive kva rolle eleven speler. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Organisering

Vel nokre tema de har eit forhold til og som er aktuelle i media, og gjerne tema som skaper debatt lokalt. Førebu dykk til debatten ved å lese om saka i aviser eller på fagsider på nettet.

Døme på tema som er brukte i dette rollespelet

  • villaks – oppdrettslaks
  • rovdyr – beitedyr
  • utbygging av ein foss
Tre skjema der ulike roller i rollespelet er sette opp. Skjermdump.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Roller

Når temaa er valde, kan elevane og læraren i fellesskap føreslå rollefigurar som er aktuelle meiningsberarar i denne saka. Skriv rollene inn i skjemaet som blir vist på storskjerm. No kan du ønskje deg ei rolle du vil ha i denne debatten. Når alle har fått ei rolle, kan førebuingane starte.

Førebuingar og gjennomføring

Rollene kan fordelast nokre dagar før sjølve debatten, men 30 minutt i starten av ein dobbelttime kan òg vere nok til at alle får førebudd seg. Om temaa er valde på førehand, kan læraren og eventuelt bibliotekaren samle avisutklipp og leite fram aktuelle artiklar på internett, som kan brukast i førebuinga.

  • Ordstyraren skal førebu ei innleiing til debatten, styre debatten og avslutte med ei oppsummering.
  • Du må setje deg inn i kva meiningar og argument rollefiguren din står for, og førebu eit innlegg. Du må halde deg til rolla gjennom heile debatten og bidra med saklege argument.
  • Set pultane i ring, og fest store ark med rollene påskrivne framfor kvar deltakar, slik at rollene er synlege for alle.
  • Læraren er observatør og tek notat frå debatten.
I eit klasserom er pultane ordna i ein hestesko. Framfor kvar elev er eit stort ark der det står kva rolle eleven speler i debatten. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vurdering

Debatten kan brukast som ein del av vurderinga i faget.

Lag eit skjema med vurderingskriterium, og avtal korleis vurderinga skal skje. Er det læraren som skal vurdere, eller skal elevane vurdere kvarandre?

Relatert innhald

Ei kjelde kan gi nyttig informasjon. Bruker du riktig kjelde, og kven står eigentleg bak denne informasjonen? Lær meir om kjelder og kjeldekritikk.

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 22.06.2021

Læringsressursar

Delta i samfunnsdebatten!