Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåver om interessekonfliktar

I desse oppgåvene skal du jobbe med døme på interessekonfliktar og lage din eigen definisjon av ordet.
Flyfoto av eit bustadfelt som ikkje ligg så langt frå havet. I bakgrunnen er det landbruksområde til venstre og meir tettbygde strok til høgre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1: Er dette interessekonfliktar?

  1. Avgjer om situasjonane under er døme på interessekonfliktar, og forklar kvifor.

    • byggje eit hus på ein leikeplass som ikkje lenger er i bruk

    • hogge skog for å produsere biodrivstoff

    • utvinne olje i Lofoten

    • lage eit kart over eit område

    • køyre opp skispor på bilvegen inn til hytta

    • bruke solceller for å produsere straum

    • kjøpe hagemøbel laga av trevirke frå regnskog

    • leggje ein veg gjennom eit område der ein sjeldan sommarfugl har leveområdet sitt

  2. Er det nokon av døma som har partar som ikkje har ei eiga stemme? Korleis får ein fram saka til dei som ikkje har ei stemme?

  3. Det finst ei rekkje organisasjonar som kan fremje saka til grupper som ikkje kan delta i samfunnsdebatten sjølv.
    Finn døme på organisasjonar som taler saka for desse gruppene:

  • barn

  • dyr og plantar

  • komande generasjonar

Oppgåve 2: Dagsaktuelle interessekonfliktar

Finn døme på interessekonfliktar som er aktuelle i nyheitsbiletet.

  • Kvifor er dette interessekonfliktar?

  • Kva går konflikten ut på?

  • Kven er partane i saka?

Oppgåve 3: Lag ein definisjon av ordet «interessekonflikt»

Sjå filmen om definisjonar.

  1. Kva kjenneteiknar ein god definisjon?

  2. Bruk dette til å lage ein definisjon av ordet interessekonflikt.

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 22.06.2021

Læringsressursar

Delta i samfunnsdebatten!