Hopp til innhald

Fagstoff

Berekraftig mat

Kva vi vel å ete, er viktig – ikkje berre for deg og kroppen din, men òg for jorda vår. Med «berekraftig utvikling» i samfunnet meiner vi at utviklinga dekkjer dagens behov utan å øydeleggje utsiktene for dei som kjem etter oss. Maten vi et, bør derfor vere berekraftig utvikla.
 Hand som held eit raudt eple. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hugselappen

Kvar einaste dag blir vi 200 000 fleire på jorda. Det er lett å forstå at matproduksjonen må auke, samtidig som vi må kaste mindre mat. Då må også alle land dyrke så mykje som mogeleg av maten sin sjølv. Kortreist mat er målet!

Import av matvarer

Vi importerer ein del matvarer til Noreg. Nokre av dei må vi importere fordi vi ikkje kan dyrke dei her hos oss, til dømes appelsinar, bananar, sukker og kaffi. Så lenge dette er matvarer som vi absolutt treng, er det akseptabelt. Det blir noko heilt anna å hente matvarer langvegsfrå dersom vi heller kan produsere dei her i landet. Kjøt er eitt døme. Vi kan vanskeleg forsvare at vi importerer mykje kjøt frå Sør-Amerika og Afrika. Då er det betre at fleire bønder produserer meir kjøt i vårt eige land. Kva med ris? Er det å ete stadig fleire rettar med ris her i Noreg berekraftig? Eit alternativ er å bruke norske byggryn i staden. Då sparer vi transport og reduserer miljøbelastinga.

Dyrking av korn som menneskemat eller dyrefôr?

Å dyrke korn til dyrefôr krev ressursar. Sett frå eit miljøvernsynspunkt hadde det vore betre om menneska dyrka meir korn, frukt og grønt og åt det sjølv i staden for å bruke det til kjøtproduksjon. FN sitt klimapanel meiner det er viktig for matvaresituasjonen i verda at vi skjer ned på kjøtforbruket. 8,5 prosent av det samla klimagassutsleppet i Noreg kjem frå jordbruket (kjelde: Statistisk sentralbyrå 2013), i all hovudsak frå kjøtproduksjonen. I Noreg går 80 prosent av alt kornet som blir dyrka, til dyrefôr, men det er hovudsakleg fordi kvaliteten på kornet er for dårleg til at det kan brukast til bakarvarer. Heldigvis er dette eit område forskarane er opptekne av å forbetre, slik at meir av det norske kornet kan brukast til mat.

Et mat frå naturen sitt spiskammers

Vi har fantastiske mogelegheiter til å ete det naturen gir oss. I Noreg har vi fisk og skaldyr som er verdskjende for god kvalitet. Både jakt og fiske er flotte høve til å bruke naturen. I tillegg er bær, sopp og urter lett tilgjengelege i skog og mark. Grønsaker, frukt, bær og urter kan vi dyrke i hagen eller på balkongen.

Et den ferskaste maten for årstida

Ved å lage og ete mat etter kva for årstid det er, bidreg vi til eit betre miljø, ettersom vi då bruker mindre ressursar på å kjøle, fryse og kanskje transportere maten. Det er jo òg fantastisk godt å ete det første jordbæret om sommaren eller å ete fårikål om hausten. Når vi et mat som er sesongvarer, blir det også rimelegare. I tillegg tek vi vare på tradisjonane.

Et kortreist mat

Lokalprodusert mat er blitt svært populært, og «kortreist mat» er blitt eit omgrep. Med «kortreist» meiner vi at maten er produsert lokalt. Det er positivt både for lokalsamfunna i Noreg og for miljøet.

Økologisk mat

Sjå etter Ø-merket i butikken! Økologisk mat vil seie at maten vi et, er produsert så miljøvennleg som mogeleg. Økologisk landbruk blir drive «på lag med» naturen. Då er maten produsert utan sprøytemiddel og utan kunstgjødsel. Dyra går fritt både ute og inne. Også fôret som dyra et, er hovudsakleg økologisk produsert. Et vi økologisk mat, slepp vi å få i oss restar av kjemiske sprøytemiddel eller restar av medisinar i kjøtprodukt. Det blir heller ikkje nytta kunstige fargestoff, søtingsstoff eller smaksstoff.

Viktig tankekross

Det blir dårlegare avlingar når vi dyrkar økologisk, altså lågare avkastning enn det vi får ved vanleg, såkalla «konvensjonelt» jordbruk. Med den befolkningsveksten vi har i verda, ville vi ikkje få nok mat til alle ved å dyrke all mat økologisk. Nok mat til alle er trass alt ei av dei største utfordringane i matsituasjonen i verda!

Etisk mat

Sjå etter Fairtrade-merket når du kjøper matvarer! Matvarer som er merkte med Fairtrade, er mellom anna kaffi, bananar, te, sukker og krydder. Fairtrade er ei merkeordning som styrkjer bønder og arbeidarar i fattige land. På lengre sikt kan ein hjelpe fattige bønder ut av fattigdommen. Dei kan sikre seg betre arbeidsforhold og investere i produksjonen. Dermed får dei meir makt over sine eigne liv.

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 08.04.2020

Læringsressursar

Delta i samfunnsdebatten!