Hopp til innhald

Fagstoff

Sett av pengar

Når jobben er gjord og pengane er komne inn på driftskontoen, er det viktig å setje av pengar til mellom anna skatt, feriepengar og forsikring.
Nærbilete av velstelte hender der den eine handa tastar inn tal på ein kalkulator og den andre peikar på eit stolpediagram med ein penn. Under ligg ei mengde ark med ulike grafar og tal. Foto.

Sett av pengar frå driftskontoen

Når du driv eige firma, er det viktig å skilje mellom driftskonto og private kontoar. Betaling for eit oppdrag skal inn på ein driftskonto, og det er dette kontonummeret du gir til kundane når du sender ut fakturaer. Her får du inn brutto inntekt (inkl. mva.). Desse pengane bør du fordele på følgande måte:

  • Skatt – her set du av minimum 30 prosent av heile inntekta. For å vere på den sikre sida kan det vere fornuftig å setje av 40 prosent i tilfelle "skattesmell".

  • Feriepengar – Samanlikna med ein jobb der du er tilsett, blir det cirka rekna 12 prosent til feriepengar. Du reknar 12 prosent etter at skatt er trekt frå.

  • Pensjon – Mange gløymer å setje av pensjon. Dersom du har jobba i eige firma heile livet og gløymt å setje av pensjon, vil du ikkje ha inntekt etter nådd pensjonsalder. Du vel sjølv kor mykje du set av til pensjon. Rundt 5 prosent kan vere passe.

Forsikring

Viss du driv eit konsulentfirma der du planlegg og gjer innkjøp på vegner av ein kunde, kan det skje feil. Du bør derfor ha forsikring. Det er alltid ein eigendel sjølv om ein har forsikring. Det kan vere fornuftig å setje av nokre prosent til dette.

Når alt dette er sett av, har du rundt 40 prosent igjen av det som har komme inn på konto. Dette er lønna di som du kan bruke til faste utgifter og lønn til deg sjølv.

Moms/meirverdiavgift (mva.)

Har du tent meir enn 50 000? Då må du betale meirverdiavgift. Dette blir forkorta til mva., og det blir òg kalla moms. Dette er ei avgift til staten på sal av produkt. Meirverdiavgift er pengar som kunden sjølv betaler i tillegg til timeprisen din. Dette er derfor pengar som ikkje påverkar inntekta di, men det er viktig å setje av momspengane. Det blir rekna 25 prosent mva. av totalprisen på tenesta.

Bokføring og rekneskap

Alt av inntekter og utgifter skal bokførast. Det betyr at det skal oppgivast til skatteetaten, slik at du betaler rett skatt til stat og kommune. Mange nyttar seg av rekneskapsførar for å gjere dette rett. Du bør ha eit godt system for arkivering av alle bilag, fakturaer og kvitteringar.

Utgifter knytte til drift av firmaet ditt gir deg moglegheit til å kunne trekke frå noko av skattesummen.

CC BY-SASkrive av Gunn Elin Birkenes.
Sist fagleg oppdatert 11.05.2022

Læringsressursar

Å starte eiga bedrift