Harald har designa ein ny gullring. Hjelp han å kalkulere salsprisen og vurdere eit tilbod frå ein mogleg kjøpar.
Harald Smits er gullsmed og produserer smykke. Han kalkulerer prisen på ein ny gullring han har designa.
- Råvarene til ein slik ring kostar 275 kroner utan meirverdiavgift.
- Han bruker 1,5 timar på å lage ringen.
- Timeløna hans er på 300 kroner.
- Tilleggssatsen for indirekte kostnader er 70 prosent. Harald vil ha 30 prosent forteneste.
Oppgåve
- Rekn ut sjølvkost og salspris med 25 prosent meirverdiavgift.
Etter ei tid har Harald 6 ringar liggjande på lageret.
Ein kunde vil kjøpe desse ringane for 700 kroner utan meirverdiavgift per ring. - Vurder tilbodet.
Fasit oppgåve a
Sjølvkosten er 1 232,50 kroner. Salsprisen med meirverdiavgift er 2 002,81 kroner.
Kommentarar til oppgåve b
Ein salspris på 700 kroner utan meirverdiavgift vil nesten dekkje inn råvarekostnadene og arbeidsinnsatsen. Det blir ingenting att til å dekkje indirekte kostnader, langt mindre til forteneste. Det kan løne seg å slå til på tilbodet likevel dersom alternativet er at ringane berre blir liggjande.
Her kan du sjå utrekningane i eit rekneark:
Filer
CC BY-SASkrive av Hindrik Sants.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017