Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Knytt ei historie til produktet ditt

I denne oppgåva skal du jobbe med marknadsføring. Presenter eit produkt du har laga sjølv og få fram historia og eigenarten til produktet. Jobb med å ta gode bilete der produktet ditt blir sett inn i ein samanheng.
Modell med strikkegenser sett inn i ein stilisert bjørkeskog. Omarbeidd foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve:

Vel eitt av produkta du har laga gjennom skuleåret. Planlegg korleis du kan presentere og selje dette på ein heilskapleg måte. Bestem deg for ei målgruppe for produktet og bruk dette som utgangspunkt for marknadsføringa di.

Del 1: Knytt ei historie til produktet ditt

Å plassere produktet ditt inn i ein samanheng kan vere ein del av merkevarebygging. Knyt gjerne produktet til ein stad, presenter historia bak og få fram eigenarten til produktet.

Lær av profesjonell marknadsføring

På side 2 og 3 i brosjyren frå Sandnes Garn kan du lese om historia til Fritidsgarn og korleis Siv Elise Seland frå motehuset iiS Woodling fekk i oppdrag å formgi ein minikolleksjon hausten 2020.

Sandnes Garn_iiS_Wodling_brosjyre

Opplesbar tekst frå brosjyren til Sandnes Garn

Vi ville fortelle historien om grunn­fjellet i produksjonen vår; det tykke gode, fargerike, urnorske, tradisjons-trofaste og folkekjære garnet som har bekledd folk til fjells, kjekke jenter, rake karer, kalde føtter, omtrent annenhver nordmann og slektninger i Amerika som har fått tilsendt hjemmestrikka votter med Mariusmønster i posten.

Det er det jordnære, pålitelige og slitesterke fritidsgarnet vi snakker om, og i år feirer vi det ved å gi det en serie moderne, dog tradisjonsorienterte design. Det norske motehuset iiS Woodling ved Siv Elise Seland har formgitt minikolleksjonen, og vi inviterte nettopp henne fordi hennes historieforankrede tilnærming og vakre arbeid inspirerer oss og fordi hun er like kortreist som ullen vi bruker.

Siv Elise er oppvokst på gård, og driver sitt studio fra det som tidligere var sauefjøset. Som oss, er hun opptatt av dyreveldferd, bærekraft, integritet i prosess og resultat.

Så er det også sånn at de norske sauene har det godt på beite i fjellheimen. De bidrar til å bevare kulturlandskapet og når ulla er lang og tykk, høstes den og kjøres inn til fabrikken vår i Sandnes. Der den blir vasket med såpe og vann. Deretter blir ulla karret, spunnet og hesplet og så farget med miljøvennlige fargestoffer som oppfyller strenge EU-miljøkrav.

Fabrikken ligger kanskje langt ut på landet, men vi er bransjeledende i Europa med en moderne maskinpark, en trendbevisst og nyskapende desingavdeling og ikke minst et knippe trivelige ansatte som representerer et bredt spekter av fagområder og nasjonaliteter.

Men det er fritidsgarnet som er helten i denne fortellingen, og vi må ikke glemme å si at plaggene som strikkes i ull, holder seg godt i fasongen; de krøller ikke, blir mykere og mykere med bruk og hver vask, skjønt de trenger ikke å vaskes så ofte. De er til og med varmende å ha på selv om det regner.

Vi synes det er stas å gjøre stas på fritidsgarnet og er uendelig stolte av den vakre kolleksjonen som er resultatet av samarbeidet med Siv Elise og iiS Woodling.

La deg inspirere og knytt di eiga historie til produktet du har laga.

Del 2: Produktfotografering

Plasser produktet inn i ein samanheng, anten når du fotograferer eller ved å jobbe vidare med bileta i eit redigeringsprogram.

Relatert innhald

Produktfotografering handlar om fotografering av forskjellige gjenstandar. Jobben til fotografen er å vise fram produktet på ein tydeleg og naturtru måte.

Når du skal visualisere eller presentere ein idé for ein kunde eller medarbeidar, kan foto vere eit godt hjelpemiddel.

Del 3: Presenter produktet på ei nettside eller i ein brosjyre

Set saman historia, bileta og lag ei nettside, eit innlegg på sosiale medium og / eller ein brosjyre som presenterer produktet ditt.

Her kan Adobe Spark Free vere eit verktøy dersom du ønskjer hjelp til å opprette grafikk for sosiale medium, websider og korte videoar.

Del 4: Eigenvurdering

Vurder korleis du får fram historie og eigenarten til produktet. Korleis har du retta marknadsføringa mot målgruppa du har valt?

Relatert innhald

Som handverkar bør du kjenne marknaden du opererer i. Du må også vite korleis du kan profilere deg.

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 26.02.2021

Læringsressursar

Å starte eiga bedrift