Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Marknadsføring av eiga bedrift

Utgangspunktet for denne oppgåva er marknadsføring for di eiga tenkte bedrift. Du vel sjølv kva type bedrift du vil arbeide med, og det er viktig å velje noko du interesserer deg for. Oppgåva kan passe godt som gruppeoppgåve.
Tre arbeidskollegaer diskuterer strategi. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

  1. Tenk deg at du skal starte di eiga bedrift. Skriv ned nokre stikkord rundt kva type bedrift du vil starte, og korleis du har tenkt å drive henne (butikk, nettbasert...).
  2. Lag ein logo for bedrifta di. Her kan du skisse og teikne for hand, før du jobbar vidare digitalt.
  3. Lag ein plan for korleis du vil marknadsføre bedrifta di, og lag ein type reklame/annonse som du vil nytte.
  4. Presenter punkta ovanfor for resten av klassa, gjerne ved å bruke ein digital presentasjon. Argumenter for eigne val, med tanke på marknadsføring og sal. Be om tilbakemelding på presentasjonen din, kva seier medelevane dine til idéen din?
  5. Skriv ei eigenvurdering etter den munnlege presentasjonen der du tar for deg dei vala du har gjort, og der du reflekterer over dei tilbakemeldingane du har fått.

Innlevering og vurdering av:

  • Skriftleg arbeid i del 1, 3 og 5 (med framside og innleiing til oppgåvene)
  • Skisseprosess og ferdig logo
  • Munnleg presentasjon
CC BY-SASkrive av Iselin Myklebust.
Sist fagleg oppdatert 04.05.2020

Læringsressursar

Å starte eiga bedrift