Hopp til innhald

Kortfilm

Zing

Mr. Grimm er ein slags "mannen med ljåen". Han styrer skjebnen til menneska og plukkar ut kven som skal døy. Ein dag bankar ei lita jente på døra.

Om filmen

Mr. Grimm er ein ganske skummel type. Han har blodsprengde auge og spisse tenner og bur i eit gammalt hus. Inne i huset er det eit komplisert system av trådar. Kvar tråd representerer eit menneskeliv. Vi ser korleis Mr. Grimm kuttar av trådane med ein liten ljå.

Ein dag, mens Mr. Grimm er oppteken med arbeidet sitt, ringjer det på døra. Det er ei lita jente som leitar etter kattepusen sin.

Filmen er laga av to studentar ved Filmakademie Baden-Württemberg, ein tysk filmskule kjend for dei dyktige animasjonselevane sine.

Relatert innhald

In this short film we meet Mr Grimm. All day, every day, he harvests lives.

CC BY-SASkrive av Anne Cathrine Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 18.10.2023

Læringsressursar

Filmanalyse