Hopp til innhald

Spelefilm

Goethe in Love (Goethe!)

Johann Wolfgang Goethe er 22 år og førebels alt anna enn ein berømt diktar. Han blir sendt til byen Wetzlar av far sin, for å få praksis som jurist. Her møter han den tre år yngre Lotte Buff og forelskar seg vilt i ho. Men så blir Lotte trulova med ein annan ...

Handling

I Goethe in Love møter vi ein talentfull, men umoden ung Goethe. Året er 1772. Goethe har stroke til jusseksamen og vil eigentleg vere diktar. Far hans krev derimot at Goethe skal få seg eit "ordentleg" yrke. Som dei fleste andre på den tida meiner han at litteratur, musikk og kunst er hyggelege tidsfordriv, men ikkje meir. Han sender sonen til Rikskammerretten i Wetzlar, den høgaste tyske rettsinstansen på den tida, for at han skal lære meir om juss. I Wetzlar møter Goethe Lotte, ei livleg og glad jente på nitten år. Lottes far er enkemann, og Lotte har ansvaret for hushaldet og for dei yngre søskena sine. Goethe blir stormande forelska, og også Lotte utviklar kjensler for han.

Men så frir Albert Kestner, sjefen til Goethe, til Lotte. Faren til Lotte tenkjer at Kestner kjem til å bli ein påliteleg og omsorgsfull ektemann for ho. I tillegg vil eit giftarmål med Kestner trygge heile familien økonomisk. Lotte vel det som er best for familien og seier ja.

Goethe er knust av sorg og vurderer å ta livet sitt, men hamnar i staden i duell med Kestner og deretter i fengsel. Her skriv han på kort tid romanen Den unge Werthers lidingar. Han handlar om ein ung mann, Werther, som blir djupt og ulykkeleg forelska i ei jente som er trulova til ein annan, og som derfor tek sitt eige liv. Goethe sender manuset til Lotte, som eit bevis på at han ikkje kan leve utan ho. Men Lotte prøver å få han til å forstå at han må velje diktinga og livet – og at ho må velje Albert. Ho sender manuskriptet til eit forlag, utan å fortelje Goethe om det. Den unge Werthers lidingar blir ein enorm suksess, og Goethes far aksepterer endeleg at Goethe ønsker å vere forfattar.

Fantasi og røynd

Handlinga i filmen er ei blanding av røynd og fantasi. Hovudpersonen i Goethes roman tek livet sitt, Goethe bruker derimot opplevingane og røynslene sine og skaper dei om til litteratur. Den unge Werthers lidingar kom ut i 1774 og blei ein enorm suksess, ikkje berre i Tyskland, men i heile Europa. Boka var den mest lesne romanen i samtida og den første tyske internasjonale bestseljaren.

Sturm und Drang

Romanen Die Leiden des jungen Werthers er det kanskje best kjende verket frå det tyske litterære straumdraget kalla Sturm und Drang. Dette straumdraget (om lag 1765–1790) var ein reaksjon på den sterke trua på fornuft og rasjonalitet som prega opplysingstida (om lag 1720–1800). For Sturm und Drang-forfattarane stod kjenslene i sentrum, ikkje fornufta. Dei hadde heller ikkje mykje til overs for dei strenge krava til form og klar moral som kjenneteikna mykje av litteraturen i opplysingstida. Dessutan gjorde dei opprør mot autoritetar og tradisjonar og kravde retten til fri sjølvutfalding for den enkelte.

Viktig forfattar

Johan Wolfgang von Goethe (1749–1832) blir rekna som ein av dei største tyskspråklege forfattarane nokosinne. Han blir òg sett på som ein av dei viktigaste forfattarane i verda gjennom tidene. Han skreiv ikkje berre dikt, romanar og drama, men også autobiografiske tekstar og naturvitskaplege skrifter.

I 1779 blei Goethe minister og ein del av statsapparatet. Han tok då avstand frå både Den unge Werthers lidingar og heile Sturm und Drang-perioden.

Kjelder

Eine virtuelle Zeitreise durch das Leben von Johann Wolfgang von Goethe. (u.å.). Goethezeitportal. Henta frå http://www.goethezeitportal.dei/wissen/timeline/timeline-goethe.html

Hermann, C. (2010). Goethe! Material für schulische und außerschulische Bildung. Henta frå http://www.kinomachtschule.at/data/goethe_schulmaterial.PDF

Weber, E. (2019). Sturm und Drang (1765–1790): Die vier wichtigsten Merkmale. Henta frå Unicum Abi. https://abi.unicum.dei/abitur/abitur-lernen/sturm-und-drang-merkmale

CC BY-SASkrive av Marion Federl. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 28.05.2020

Læringsressursar

Filmanalyse