Hopp til innhald

Spelefilm

The Queen

Dette Oscar-vinnande dokudramaet frå 2006 viser kva som skjedde bak dei kongelege kulissane i dagane etter dødsfallet til Prinsesse Diana, 31. august 1997.

Handling

Vi er i 1997. Folkets prinsesse, Prinsesse Diana, er død etter å ha hamna i ei svært dramatisk bilulykke i Paris. Hennar to søner, Prince William og Prince Harry, 15 og 12 år på den tida, er på ferie ved feriestaden til Dronninga, Balmoral i Skottland, saman med besteforeldra sine då tragedien skjer.

Det britiske folket er desperate etter trøyst og støtte frå leiarane i nasjonen etter Dianas død. Den britiske kongefamilien med Dronning Elizabeth II i spissen trekkjer seg derimot tilbake frå offentlegheita.

Kontrasten mellom det som blir ein ekstrem høglydt sorgreaksjon verda over og stilla til den britiske kongefamilien, blir etter kvart ei stor utfordring. Ei utfordring som den ferske statsministeren Tony Blair må prøve å løyse i dagane etter dødsfallet til Diana.

Fallet til monarkiet?

Det gjekk i realiteten fem dagar frå dødsfallet vart kjent, til Dronning Elizabeth talte til folket. I ettertid har det vorte sagt at Prinsesse Dianas død òg kunne vorte døden for det britiske monarkiet. Få dagar etter dødsfallet viste meiningsmålingar at populariteten til Dronninga hadde falle dramatisk.

Pressa var nådelause og kritiserte kongehuset openlyst. Mange meiner at Tony Blair sine samtalar med Dronninga i dagane før gravferda til Diana, redda monarkiet.

Prisvinnende

The Queen vart nominert til ei rekkje prisar, mellom anna seks Oscar-statuettar i 2007. Helen Mirren, som speler Dronning Elizabeth II, vann fleire prisar for rolletolkinga si, mellom anna ein Oscar-statuett.

Manusforfattar Peter Morgan vann ein Golden Globe-pris, og vart Oscar-nominert for manuset til The Queen. Morgan står òg bak den svært populære Netflix-serien The Crown.

CC BY-SASkrive av Mairi Macdonald. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 24.01.2020

Læringsressursar

Filmanalyse