Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Næringar og påverknaden på menneske og samfunn

Næringane baserte på naturressursar i dansketida vaks seg store. I kva grad påverka dei ulike næringane menneske og samfunn?
Bygate i Røros med menneske både i forkant og bakkant. Kyrkja kan sjåast bakarst til venstre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Næringsutviklinga i perioden 1500–1800 skapte store endringar sjølv om dei fleste framleis var bønder. Det aller meste av næringsutviklinga i denne perioden var basert på utnytting av ulike naturressursar, og alt frå fiske til bergverk auka i produksjon, sal og eksport i perioden.

Les meir om spesielt trelast og bergverk på Norgeshistorie.no.

Oppgåve 1 Fiske og trelast

  1. Korleis påverka den auka fiskeeksporten og trelasthandelen menneska som dreiv med dette?

  2. Kva var sagbruksprivilegia?

  3. Drøft korleis sagbruksprivilegia påverka produksjon og sosiale forhold.

Oppgåve 2 Bergverk og samfunn

  1. Vi veit at det rundt bergverka og metallutvinninga blei bygd opp tettstader med arbeid og andre tilbod. Jobb saman i små grupper og sjå for dykk at de skulle byggje opp ein slik tettstad. Kva er naudsynt at ein har på ein sånn tettstad rundt 1700? Set opp ei liste over kva de trur behova ville vere. Her er ei lita punktliste som kan vere til hjelp – tenk til dømes på

    • bygningar

    • tenester

    • nye arbeidsplassar

    • infrastruktur som vegar, gater, vareforsyning, vassforsyning og kraftforsyning

  2. Korleis trur du dei store bergverka påverka samfunnet både lokalt og nasjonalt? Vel om du vil sjå på sosiale forhold og klassar lokalt eller økonomiske verknader for samfunnet samla sett.

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 14.01.2022

Læringsressursar

Naturressursar og næringsutvikling