Hopp til innhald

Fagstoff

Snikkarmeister Edvard Sills

Edvard Sills vaks opp i Karibia og kom til Noreg som tiåring i 1791. Edvard vart snikkarmeister ved Bærums Verk som 20-åring.
Ein mørk gut med jakke, vest og tørkle. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Edvard Sills

Edvard Sills vart fødd i 1781 og kom til Noreg som tiåring. Han vart send hit av far sin for at han skulle få utdanning og framtidsmoglegheiter. Far hans var opphavleg norsk, men var dommar på Saint Croix, ei øy i Karibia som den dansk-norske staten eigde. Øya ligg vest for Cuba, Haiti og Den dominikanske republikk. Mor hans veit vi mindre om, men vi veit at ho var ein frigitt afrikansk slave.

Edvard budde hos tanta si i Christiania (Oslo) på 1790-talet og fekk undervisning saman med fetteren sin. Etter at Edvard vart konfirmert, byrja han i lære hos snikkarmeister Werner i Christiania.

Arbeid på Bærums Verk

Ein stor eldstad som blir fyrt med kol. Det brenn med stor flamme, og arbeidarar står rundt. Eit par av dei ber ei korg med kol på ei båre. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Edvard må ha vore lærenæm, for i 1801, berre 20 år gammal, hadde han vorte snikkarmeister ved Bærums Verk. I 1803 reiste han til København for å lære avansert snikkararbeid.

Kva Edvard gjorde av snikkararbeid på Bærums Verk, veit vi ikkje, men vi kan rekne med det var arbeid knytt til å byggje og halde ved like husa på verket.

Snikkarfaget

Snikkarfaget vaks ut av tømrarfaget frå 1500-talet og var lenge eit byfenomen. Snikkarfaget var eit resultat av ein ny interiørmote. Vindauge vart meir vanleg i husa, og ein trong vindaugskarmar og -rammer. Det vart òg populært med panel og lette bord, stolar og skap som ikkje var veggfaste. Ei dansk lov frå 1723, som truleg òg vart følgt i Noreg, sa at alt trearbeid som blir limt, var arbeidet til snikkaren. Den nye interiørmoten var reservert for rike folk, vanlege folk budde som regel framleis i enkle laftehus.

CC BY-SARettshavarar: Buskerud Bygningsvernsenter og Tidvis
Sist fagleg oppdatert 02.06.2021

Læringsressursar

Naturressursar og næringsutvikling